I den klassiske teikneserieverda opptrer superskurkar som er ute etter å øydeleggje verda eller i det minste USA. Ei viktig oppgåve for superheltane er å hindre dei i dette. Men etter kvart har det oppstått mange ulike variantar av superheltar.
LK20LK06

Ein moderne Superman reddar barna frå landminene.
Superman er representant for dei klassiske superheltane. Etter kvart har det oppstått mange ulike variantar av superheltar. Heltane i X-men er for eksempel mislikte mutantar, og i Alan Moores Watchmen er teikneserieuniverset befolka av skadeskotne og mislykka heltetypar.
Oppgåver
- Les artikkelen Tegneserien som fillerister superhelt-rollen (Dagbladet.no).
- Nokre medieforskarar hevdar at dei tradisjonelle superheltane er reaksjonære og konservative.
– Korleis grunngir forskarane dette standpunktet? - Artikkelen viser til at dei moderne teikneserieheltane er svært forskjellige frå dei klassiske teikneserieheltane. Artikkelen sluttar av på følgjande måte: "Men med helter som disse, hvem trenger egentlig skurker?"
– Kva for kvalitetar har superheltene i Watchmen? - Kva for kvalitetar meiner du ein superhelt bør ha?
Sist oppdatert 10.04.2018
Tekst: Jostein Saakvitne (CC BY-SA)
Rettshavar: Mediesentret ved Høgskolen i Bergen