Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Samanlikn bobler og effektlydar i to teikneseriar

Det er stor forskjell på korleis teiknarane bruker boblespråk og lydeffektar i ein actionserie og i ei vanleg humorstripe. I denne oppgåva skal du beskrive og samanlikne bruken av bobler og andre lydeffektar i to teikneseriar.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06

Del 1: Miracleman

Studér sida frå serieheftet Miracleman.

  • Kva for verkemiddel bruker teiknaren for å få fram dialogen og lydsida i scena?
  • Korleis ser vi kven som snakkar slik at vi skjønner rekkjefølgja i dialogen?
  • Korleis blir ulik lydstyrke uttrykt?
Miracleman tegneserie side. Illustrasjon.
Miracleman: © copyright Eclipse Comic Books

Del 2: Pondus

Sjå på Pondusstripa.

  • Korleis er boblene teikna her, om du samanliknar med Miracleman?
  • Korleis formidlar teiknaren stemmebruken til personane?
  • Kor har teiknaren brukt lydmålande ord?
  • Korleis passar bobletekst og lydeffektar til handlinga i dei to seriane?
Pondus-stripe. Illustrasjon.
Pondus
Sist oppdatert 23.05.2018
Tekst: Høgskolen i Bergen (CC BY-NC-SA)

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar