Teikneseriar bruker ulike teknikkar for visuell framstilling av lyd. Dialogar blir gjerne vist i form av bobler. Effektlydar teiknar ein gjerne inn som eigne grafiske element i biletet.
LK20LK06
Bobleforma gir tilleggsinformasjon
Lyddelen i seriane kjem vanlegvis som bobler. Bobleforma viser om lyden er høg eller låg, brå eller vedvarande. Ho viser også kor lyden eller stemma kjem frå og kva for type lyd det er.
Effektlyd
Effektlyd er lyd som kjem i tillegg til dialog. Effektlydar teiknar ein gjerne inn som eigne grafiske element som blir ein del av biletet, som i eksemplet nedanfor:
Sist oppdatert 18.01.2018
Tekst: Høgskolen i Bergen (CC BY-NC-SA)