Ei oppgåve eignar seg som tverrfagleg prosjektoppgåve eller fordjupingsoppgåve i eit samarbeid mellom norsk og mediefag.
LK06
Dramaserien Halvbroren bygger på ein roman av Lars Saabye Christensen. Sjå intervjuet med romanforfattaren i programmet Bokbadet då romanen kom ut i 2001 (28 min).
Les deretter romanen Halvbroren og sjå dramaserien Halvbroren som blei send på NRK i 2013.
Fordjupingsoppgåve
Skriv ei fordjupingsoppgåve om Halvbroren sin veg frå roman til dramaserie, der du spesielt fokuserer på følgjande:
- Forskjellen mellom bokmanuset og filmmanuset. Kva er teke bort? Er noko lagt til? Kvifor er det gjort?
- Forteljarperspektivet i romanen samanlikna med forteljarperspektivet i dramaserien.
- Dramaturgien i romanen samanlikna med dramaturgien i dramaserien.
- Persongalleriet, eigenskapane til personane, og korleis dei utviklar seg i løpet av forteljinga.
- Måten vi blir kjent med personane/karakterane på, og korleis vi får innsikt tankane og kjenslene deira.
Intervju med manusforfattar Mette Marit Bølstad.
Sist oppdatert 22.05.2018
Tekst: Ragna Marie Tørdal (CC BY-SA)