Spørsmål til teksten "Om Fruentimmerselskab" av Ludvig Holberg.
LK06

«The Cotillion Dance» (James Caldwell 1771). Rokokkostilen oppstod i Frankrike i 1720-åra.
Spørsmål til ein epistel av Ludvig Holberg
Les utdraget Om fruentimmerselskab frå Holbergs Epistler.
- Kvifor trivst Holberg betre i lag med kvinner enn med menn?
- Kva tema er kvinner opptekne av, ifølgje Holberg?
- Holberg skriv at selskap med menn gir han hovudbry. Kvifor?
- Kva trur du Holberg meiner med ordet «Pølse-Snak»?
- Korleis oppfattar du kvinnesynet til Holberg, slik det kjem til uttrykk i denne teksten?
- Samanlikn omtalen av kvinner i denne teksten med omtalen av kvinner i utdraget frå Peder Paars og i romanen Niels Klims underjordiske rejse. Kva tenkjer du no om Holberg sitt kvinnesyn?
- Les Hilde Sandvik sin artikkel i studenttidsskriftet Fortid: Kvinnesyn på 1700-tallet
- Korleis såg folk flest på kvinner på 1700-talet?
- Kva tankar hadde opplysningsfilosofen Rousseau om kvinna sin natur og plass i samfunnet?
- Korleis skildrar Sandvik Holberg sitt kvinnesyn i artikkelen sin?
Sist oppdatert 25.05.2018
Tekst: Cecilie Isaksen Eftedal og Ragna Marie Tørdal (CC BY-NC-SA)