Introduksjon
Opplysningstida var prega av fornuft, fridomslengt og framtidsoptimisme.
Når du har jobba med denne læringsstien, skal du
- ha kjennskap til ideane til dei viktigaste filosofane i opplysningstida
- ha lese eller høyrt utdrag frå nokre kjende opplysningsverk
- vite kva kansellistil er, og kva konsekvensar slik språkbruk kan få
- ha forstått korleis opplysningstida sine idear og menneskesyn kjem til uttrykk i litteratur frå 1700-talet og i samtidslitteratur
- kunne bruke det du har lært i skriftlege framstillingar