Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Tredjekulturs barn

FooterHeaderIconFooter iconLK06

Oppgåve 1

Les dette diktet og prøv å setje deg inn i situasjonen til eit tredjekulturs barn.

Det var inga gravferd.
Ingen blomstrar.
Ingen seremoni.
Det fanst ingen døde.
Ingen gråt eller klagerop.
Berre i hjarta mitt.
Eg kan ikkje…
Men eg gjorde det likevel,
Og ingen visste at eg ikkje kunne.
Eg vil ikkje…
Men ingen andre sa at dei ikkje ville.
Så eg stua bort panikken
og plukka opp bagasjen
og gjekk om bord i flyet.
Det var inga gravferd.

(Pollock, Van Reken, og Sæverås 2009)

  • Kva fortel dette diktet om sorga som eit tredjekulturs barn kan oppleve?

Oppgåve 2

  • Kvifor blir det ofte snakka om uforløyst sorg og ikkje berre om sorg? (Stikkord: skjulte tap)
  • Kvifor kan den som har opplevd eit så spennande liv oppleve sorg ved oppbrot?
  • Kva tap ber dei med seg som skil seg frå tap som andre ungdommar opplever?
  • Korleis kan ein medverke til å minske tapa som slike tredjekulturs barn har opplevd?
Sist oppdatert 13.12.2018
Tekst: Øyvind Dahl (CC BY-NC-SA)
Rettshavar: NRK

Læringsressursar

Kulturell identitet

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar