Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Lag ein reklamefilm

FooterHeaderIconFooter iconLK06

Oppgåve 1

Kvifor skal ungdommar velje å søkje på akkurat skulen din eller programfaget ditt? Lag ein reklamefilm om programfaget ditt eller skulen din. Bruk dei fem arbeidsfasane når du/de planlegg filmen.

Filmen skal vere på maks. eitt minutt. Målgruppa er elevar i Vg1 på din eigen skule. Filmen skal ikkje innehalde tale, men ta gjerne opp bakgrunnslyd og legg på musikk i etterkant.

  1. Lag først eit kort manus og ein storyboard som viser dei scenene de vil ha med.
  2. Gjer opptak av scenene.
  3. Finn bakgrunnsmusikk.
  4. Rediger filmen i eit filmredigeringsverktøy og lagre han i eit format som kan lastast opp på YouTube eller Vimo.

NB! Dersom de ønskjer å publisere videoen på YouTube, må musikken vere klarert for bruk (med tanke på opphavsrett), og dei personane som er med i filmen, må gi samtykke til det.

Oppgåve 2

Analyser reklamen du/de har laga, der du/de kommenterer dette:

  1. Gjer greie for kommunikasjonssituasjonen og målgruppa.
  2. Kva slags tekst har du laga, og kva for modi har du brukt (lyd, tale, musikk, bilde, fargar, teksttypar og så vidare)?
  3. Gjer ein analyse av dei kommunikative funksjonane i reklamen (språkfunksjonar og språkhandlingar).
  4. Korleis har du bygd opp reklamen (sjå dei retoriske fasane)?
  5. Korleis har du brukt etos, logos og patos? Har du brukt nokre verkemiddel (til dømes gjentaking, metafor, samanlikning, retorisk spørsmål og så vidare), og kvifor?
  6. Korleis vil du i det heile vurdere reklamen?
Sist oppdatert 16.12.2018
Tekst: Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes og Ragna Marie Tørdal (CC BY-SA)
Rettshavar: NRK

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?