LK06
Oppgåve 1
- Grei ut om dei fem teiknklassane og kva som karakteriserer kvar av dei.
- Korleis vil du klassifisere teiknet «kyss» når to personar som er forelska kyssar kvarandre? Er det emblem, illustrator, regulator, kjenslesymptom eller berørar? Kan det vere alle på ein gong?
- I nokre kulturar, som til dømes i Frankrike, blir kyss brukt ved vanleg helsing. Korleis vil du klassifisere kysset i slike høve? Kva for teiknklasse(-r) vil du rekne helsekysset til?
Oppgåve 2
Korleis kan kroppsspråket kan uttrykkje ulike kjensler som til dømes sinnsstemningar, nærleik, forelsking, sinne og aggresjon i ulike situasjonar?
Drøft korleis de vil tolke situasjonane nedanfor:
- To personar snakkar høgt og brukar store hand- og armrørsler.
- Ein kunde på ein restaurant viftar med handa og knipsar.
- Ein gut sparkar ein annan som ligg nede, samtidig som dei hyler og skrik.
- Ei eldre kvinne er kledd i heilt svarte klede.
- Ein ung mann er kledd i heilt svarte klede.
- Eit barn rekkjer tunge til eit anna barn.
- To passasjerar på ein buss snakkar ikkje med kvarandre og ser berre rett fram.
- To passasjerar på ein buss gestikulerer og pratar høgt med kvarandre.
- Ein vaksen klappar eit barn på hovudet.
- Ein fotballspelar gjer V-teiknet med fingrane.
- To fotballspelarar omfamnar kvarandre.
- To menn på gata omfamnar hverandre.
- Ein lærar pratar i mobiltelefonen i timen.
- Ei jente går med djup utringing.
- Ein gut legg handa på låret til ei jente mens dei er på kino.
- To menn kysser kvarandre offentleg.
- Ein gut og ei jente kysser kvarandre i parken.
- Ein gut og ei jente kysser kvarandre i senga.
Oppgåve 3
- Korleis kan studium av ikkje-verbal kommunikasjon lære deg korleis du opplever deg sjølv og andre?
Sist oppdatert 12.12.2018
Tekst: Øyvind Dahl (CC BY-NC-SA)
Rettshavar: NRK