LK06
Kroppsspråk kan ha mange ulike tydingar i forskjellige kulturar. Smilet, derimot, er eit av dei få andletsuttrykka som forskarane har funne har den same grunnleggjande tydinga i dei fleste kulturar.
Oppgåve 1
Er det slik at eit smil har ei universell tyding?
- Sjå på påstanden om at smilet kan ha den same grunnleggjande tydinga, uavhengig av kultur. Stemmer det, trur du?
- Er tydinga av det å smile noko som vi i så fall er fødde med, eller er det noko vi har lært?
- Blir eit smil alltid oppfatta som positivt?
Oppgåve 2

Alle smiler på same språk
- Kva tenkjer du når du ser teikninga her? Kva trur du kunstnaren vil uttrykkje?
- Kva er det mest iaugefallande du finn i teikninga?
- Sjå på fargane. Kva uttrykkjer dei? (konnotasjonar, positivt, negativt, stemning)
- Illustrasjonen har teikneseriepreg (cartoon). Kvifor trur du kunstnaren har valt denne uttrykksforma?
- Kunstnaren har prøvd å få fram mange kulturar i illustrasjonen. Kva for kjenneteikn på ulike kulturar ser du?
- Kunstnaren har kalla teikninga si Alle smiler på same språk. Synest du han har fått fram dette i teikninga?
Oppgåve 3
Lag ei undersøking:
De skal no undersøkje kva om skjer når de i ein offentleg situasjon smiler til tilfeldig forbipasserande. Noter kva for reaksjonar de fekk når de smilte eller lét vere å smile til ein person.
Desse reglane gjeld:
- Vel ein stad der de ikkje er aleine. Tenk dykk om.
- Personen skal vere ein framand. Vel især personar på dykkar eigen alder, nokre barn og vaksne av kvart kjønn.
- Du skal oppnå augekontakt med personen, uansett om du smiler eller ei, for å vere sikker på at han eller ho har sett deg.
- Bestem deg for om du vil smile eller ei før du nærmar deg ein person, og hald fast ved den avgjerda.
- Vel helst ein person som er aleine. Det påverkar reaksjonane til folk når dei er saman med andre.
- De går to saman, men litt frå kvarandre når de nærmar dykk ein person.
Dette skal de merke dykk:
- Var det vanskeleg eller lett å la vere å smile, viss ein person sjølv smilte fyrst?
- Korleis kjentest det å smile til ein person, som ikkje smilte attende?
- Er det alders- eller kjønnsskilnader i reaksjonane til folk?
- Kva for tilhøve kunne ha ført til andre resultat: tid, stad, vêr?
- Kva for typar av smil observerte de?
Summer opp funna de har gjort, i klassen. Kva for observasjonar har de gjort? Kan de trekkje nokre konklusjonar om den universelle tydinga av smil? Smiler heile verda på same språk?
Sist oppdatert 04.01.2019
Tekst: Eli M. Huseby (CC BY-SA)