Nettstadar har ulikt føremål. Føremålet med ndla.no er å skape god læring for elevar i vidaregåande opplæring. Gå inn på nettstaden ndla.no. Vurder innhald og brukaroppleving.
LK06

Nokre stikkord:
- Kven er avsendar?
- Korleis kan du finne ut kven avsendaren faktisk er?
- Kva formål har denne nettsida?
- Kven er primært mottakar/mottakarar?
- Er nettstaden godt tilpassa mottakargruppa? Kvifor? / Kvifor ikkje?
- Kva for kanal blir bodskapen formidla gjennom?
- Stiller denne kanalen bestemte krav til måten bodskapen blir formulert på?
- I kor stor grad synest du NDLA har klart å ta i bruk mogligheitene som finst i digitalt læremiddel?
- Kva for konnotasjonar skaper biletet og dei fargane som er brukte?
- Er det noko du opplever som støy? Grunngi svaret.
- Kva for effekt trur du denne nettsida har?
Del gjerne vurderinga di med NDLA ved hjelp av løysingar for brukarkontakt på nettstaden.
Sist oppdatert 05.03.2018
Tekst: Thomas Nupen og Ragna Marie Tørdal (CC BY-SA)