Det er ein stille dag i redaksjonen. Brått dukkar det opp ei melding på Facebook frå ein du kjenner. Sparebanken Rett Vest er rana! Du kastar deg i bilen og trør gassen i botn. Samstundes sjekkar du meldingar på Twitter og i den lokale nettavisa.

Oppdrag
- Du er journalist i NRK Sørlandet og skal lage ei nyheitssak om eit bankran til nyheitssendinga på radio kl. 17.30 og til TV-sendinga kl. 18.40 same dag. Kven av kjeldene nedanfor vil du sitere i nyheitsmeldinga på radio? Grunngi svaret ut frå det du veit om kor truverdige kjelder er.
- Skriv teksten til den nyheitsmeldinga du vil ha på radio.
- Kva for kjelder vil du intervjue i TV- sendinga seinare på kvelden? Grunngi svaret ut frå det du veit om kjeldekritikk og presseetikk.
Liste over moglege kjelder
Sist oppdatert 14.05.2018
Tekst: Stein Vegard Olaussen og Kristin Eriksen Vold (CC BY-SA)