Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

På jobb i Fædrelandsvennen

Vi følgde reporter Birgitte Klækken på jobb i regionsavisa Fædrelandsvennen ein vinterkald fredag i februar, ein ganske typisk arbeidsdag som tek til med ein idé og endar med eit ferdig produkt som blir publisert i mediehuset.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Reporter på jobb

Dagen til Birgitte starter med ein idé og eit morgonmøte og held fram med ein intervjurunde før ho skriv og publiserer saka.

Morgonmøte

På morgonmøtet i redaksjonen blir det bestemt kva saker dei skal jobbe med. Denne dagen er det fredag og snart morsdag, og Birgittes tema blir kva forhold folk har til morsdagen. Ho kjem til at ho vil finne svar på spørsmåla:

  1. Kva betyr morsdagen for deg?
  2. Kvifor bør vi heidre mor med ein eigen dag?

Ut i felten

Birgitte bestemmer seg for å ta turen ned til Kristiansand sentrum og snakke med tilfeldige menneske som ho møter på gata. Ho vel å stille same spørsmålet til ei rekkje ulike personar. Det blir kalla ein enkét.

Ein reporter bør ha gode evner til å komme i snakk med folk og til å få dei til å fortelje historia si. Kanskje dukkar det opp informasjon som gjer at saka får ei litt anna dreiing enn det reporteren i utgangspunktet hadde tenkt seg.

Viktige arbeidsreiskapar er presseblokk og fotoapparat. Namn og sitat blir noterte nøyaktig. Ingen ønskjer å bli feilsitert i avisa. Bilete av personar er alltid godt stoff. Da er det enklare for lesarane å identifisere seg med det saka handlar om.

Tilbake på kontoret

Når intervjurunden er ferdig, reiser Birgitte tilbake til kontoret. No må ho skrive ut saka.

Ho vel å lage ein tekst som set morsdagen inn i ein historisk samanheng. Så reinskriv ho intervjua med personane ho møtte på gata, og lastar dei portrettbileta ho vil bruke, ned på harddisken. Det er om å gjere å halde tunga rett i munnen, så bilete og sitat blir knytt til rett person.

Når dette arbeidet er gjort, sender Birgitte saka over til desken for redigering og ferdigstilling.

Avisa ligg i postkassa neste dag

Slik vart Birgittes reportasje om morsdagen:

avisoppslag
Sist oppdatert 11.12.2017
Tekst: Kristin Eriksen Vold, Tom Knudsen og Ragna Marie Tørdal (CC BY-SA)

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Kjeldemateriale