Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Prøv deg som journalist

Det har skjedd ei ulykke på hovudvegen. Ein scooter og ein bil har kollidert i eit vegkryss. Det er du som skal raportere for lokalavisa om det som har hendt.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
En motorsyklist ligger på asfalten. Et vitne og en politimann snakker med en journalist. Illustrasjon.

Gå til ulykkesstaden: Reporter på jobb

Klikk på dei ulike personane for å høyre deira versjon. Gjer notat på blokken og skriv dei ut. Desse notata skal du sidan bruke for å lage to ulike tekster.

Oppgåve 1: Lag ei nyheitssak

Finn ut kva som har skjedd, og lag ei nyheitssak om hendinga.

Hugs på kva som er viktig å få fram i ei nyheit (kva, kven, kor, når, osv.).
Ei nyheitssak skal ikkje vere for lang; folk skal fort kunne setje seg inn i det viktigaste som har skjedd.

Oppgåve 2: Lag ein reportasje

Det har den siste tida vore mange ulykker på den strekninga der ulykka skjedde. Lag ein reportasje som gjer lesarane merksame på problemet.

Reportasjen er lengre enn nyheita. I reportasjen bør du trekkje inn andre typar stoff, og kjelder som set den aktuelle hendinga inn i ein større samanheng. Hent til dømes inn informasjon frå Trygg Trafikk, Vegvesenet og statistikk frå Statistisk sentralbyrå.

Du kan også intervjue ein eller fleire som var til stades, eller andre som har meiningar om dette (politikarar, representantar for Trygg Trafikk, eigaren av bensinstasjonen, vegsjefen eller andre brukarar av vegen).

Ta eit eller fleire bilete. Lag også ein faktaboks som kort fortel kva som har skjedd.

Sist oppdatert 09.04.2018
Tekst: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Kjeldemateriale