I filmen Page One: A Year Inside the New York Times (2011) følgjer vi den amerikanske storavisa New York Times i eitt år. Andrew Rossi har skrive manus til og regissert filmen.
Då filmen blei laga, var avsløringane til WikiLeaks eit heitt tema i redaksjonar verda over. Mange av dei problemstillingane som denne filmen tek opp, er aktuelle problemstillingar i norske mediehus i dag.
Desse oppgåvene er laga av NDLA for Kampanjen for journalistikken.
Oppgåve 1
Sjå dei først 12 minutta av filmen og svar på spørsmåla nedanfor:
- Kva fortel filmen om stoda til mange amerikanske aviser?
- Kva for økonomiske endringar er det som ligg til grunn for denne situasjonen?
- Kva for endringar er det som utfordrar journalistane i New York Times?
- Kva gjekk Watergate-skandalen ut på, og korleis blei han kjend?
- Kva er dei vesentlege forskjellane mellom Watergate-avsløringane og WikiLeaks-avsløringane?
- Kva for innvendingar har journalistane i New York Times mot måten WikiLeaks jobbar på?
Oppgåve 2
Sjå resten av filmen og lag eit kort samandrag av innhaldet (maks. 500 ord).
Oppgåve 3
Skriv ein mediekommentar på maks. 1000 ord med tittelen:
Gravejournalistikken er død. Kva no?