LK06

Ein pro-israelsk demonstrasjon utanfor NRK på Marienlyst, med krass kritikk av NRK si dekning av krigen i Midtausen.
Oppgåve 1
Studer foredraget Avansert intervjuteknikk av nyheitsredaktør i NRK Nyheiter Per Anders Johansen.
- Johansen seier i føredraget sitt om intervjuteknikk: «Problemet er ofte oss journalister …». Korleis grunngir han denne påstanden?
- Gjer greie for det han omtalar som «Sawatskys syv dødelige synder».
Oppgåve 2
Lytt til Sven Egil Omdal si utgreiing om Objektivitet i journalistikken på NRK Skole.
- Forklar omgrepet objektivitet.
- Kvifor meiner Omdal at det er lett å fordreie verkelegheita i ei nyheitssak eller ein dokumentar på fjernsyn?
- Kva for verkemiddel blei brukt for å styre sjåarane si oppfatning av Bjugn-saka?
- Kva for skriftlege verkemiddel blir brukte i avisartiklar for å styre oppfatninga lesarane får av ei sak?
- Kvifor er det vanskeleg for ein journalist å vere objektiv?
Sist oppdatert 12.09.2018
Tekst: Ragna Marie Tørdal (CC BY-SA)