Nye teknologi, nye medium, nye distribusjonsformer og ein ny og utfordrande medieøkonomi gjer at journalistrolla er i endring.
LK06

Les teksten Journalistrollen i endring av Jan-Arve Overland. Overland er lærebokforfattar og medielærar på Kongsberg vidaregåande skule.
Filer
Oppgåver
- Kva har påverka journalistrolla mest gjennom tidene?
- Gi nokre døme på dei viktigaste tendensane når det gjeld medieendringar.
- Kva ligg i omgrepet "konvergens"?
- Korleis vert omgrepet "journalistikk" definert i teksten til Overland?
- Kvifor aukar krava til journalistar i dagens digitale medieverd?
- Kva for oppgåve vert rekna som ei av dei viktigaste ein journalist har, og kvifor?
- Korleis har tilhøvet mellom journalistikken og publikum endra seg i løpet av dei siste tiåra?
- Kva for krav stiller denne endringa til journalistar i dag?
- Kva for nye, journalistiske arbeidsmetodar vert nemnde i artikkelen?
- Kvifor er sosiale medium, som til dømes Facebook og Twitter, viktige for journalistar i dag?
- Kva for positive og negative sider ved nettbruk i journalistikken vert det referert til?
- Kva for krav stiller nye kanalar for publisering av journalistisk innhald til journalistar i vår tid?
Sist oppdatert 12.12.2017
Tekst: Cecilie Isaksen Eftedal (CC BY-SA)