LK06
Svarar politikarane på spørsmåla?
Sjå valdebatten om skulepolitikk som blei send på NRK 20. august 2013. Her stiller NRK-journalisten Ingunn Solheim spørsmål til næringsminister Trond Giske (AP), kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV), leiar i Høgre Erna Solberg og leiar i Venstre Trine Skei Grande.Lytt nøye til spørsmål og svar i debatten.
- Kor mange spørsmål stiller programleiaren i løpet av programmet?
- Kor mange av desse spørsmåla svarar politikarane direkte på?
- Kor mange gonger svarar politikarane på noko heilt anna enn det ho spør om?
- Er det nokre av politikarane som utmerker seg når det gjeld "å snakke bort" det programleiaren spør om?
- Kva skjer når journalisten stiller oppfølgingsspørsmål?
- Formuler eitt spørsmål til kvar av dei fire politikarane i debatten, som du meiner programleiaren burde ha stilt.
- Kva ville du ha gjort dersom du ikkje fekk svar på det du spurde om?
Sist oppdatert 12.09.2018
Tekst: Ragna Marie Tørdal (CC BY-SA)