Krig blir ikkje berre ført med stridsvogner og rakettar, men også med ord og bilete. På TV-skjermen kjempar livredde israelske familiar og lemlesta palestinske småbarn om sympatien vår.

Oppgåve 1
Sjå traileren til Vibeke Løkkebergs film Gazas tårer.
Løkkeberg omtalar sjølv filmen som ein dokumentarfilm. Enkelte kritikarar meiner perspektivet er så einsidig at ein må karakterisere filmen som rein propaganda.
- Gjer greie for det perspektivet som er brukt i filmen.
- Kva for grep bruker Løkkeberg for å skape sympati for hovudpersonen?
- Kvifor trur du nokre kjenner seg provoserte av denne filmen?
- Fortel denne filmen ei sann historie? Grunngi svaret ditt.
Oppgåve 2
Sjå Tine Andersen sin musikkvideo:
- Kva er bodskapen i denne musikkvideoen?
- Kva for verkemiddel er brukt for å få fram denne bodskapen?
- Trur du denne filmen provoserer like mykje som Løkkeberg sin film? Grunngi svaret.
Oppgåve 3
Dei fleste journalistar vel ei observerande rolle når dei formidlar det som skjer under ein krig. Nokre journalistar og filmskaparar vel ei deltakande rolle.
- Kva går forskjellen ut på?
- Kvifor er objektivitet viktig i journalistikken?
- Finn eksempel på medietekstar som er sette ut frå eit deltakande perspektiv. Kva oppnår den som vel eit slikt perspektiv?
Oppgåve 4
Sommaren 2014 raste det ein debatt i sosiale medium om måten NRK-journalisten Sissel Wold og TV2-reporteren Fredrik Græsvik dekka krigen i Gaza på. Les artikkelen TV2-reporter fikk over 2000 hatmeldinger
- Kva gjekk kritikken ut på?
- Korleis reagerte Wold og Græsvik på hatmeldingar i sosiale medium?
- Bør det vere lov for ein journalist å ytre personlegekjensler på Facebook og Twitter samstundes som han eller ho rapporterer for etablerte nyheitsmedium?
Oppgåve 5
Propaganda er medviten manipulering av folk sine kjensler og tankar ved hjelp av sterke verkemiddel for å fremje bestemte oppfatningar og handlingsmønster. Propaganda er ein viktig del av moderne krigføring.
Les artikkelen Gaza-krigen: Gaza-krigen: Slik prøver partene å påvirke deg.
- Kva for retningsliner inneheld mediemanualane til Israel og Hamas for korleis ein skal framstille sanninga i denne krigen?
- Studer val av bilete og videoklipp frå Gaza-krigen i dagens nettutgåve av den israelske avisa Jerusalem Post (https://www.breakingisraelnews.com/#/) og den palestinske avisa Al Quds (http://www.alquds.co.uk/). (Søkjeord: war 2014 Gaza)
- Kva for motiv er valt som hovudbilete?
- Kva for historie fortel videoklippa? - Kva for bilete eller videoreportasjar frå konflikten blir brukte som hovudoppslag i norske nettaviser? (Søkjeord: krig 2014 Gaza)
- Kvifor trur du norske aviser har valt nett desse bileta?
Oppgåve 6
Studer bileta nedanfor frå krigen mellom Israel og Hamas i Gaza.
Kvifor vel partane å fokusere på nett slike motiv i denne konflikten?
Oppgåve 7
Samanlikn måten fienden blir framstilt på i denne plakaten med fiendebileta frå 1. og 2. verdskrig (sjå til dømes plakatar i Propagandagalleriet).
- Kva for eigenskapar tillegg ein fienden?
- Finst det nokre likskapar mellom desse fiendebileta?