Spel, vurder og diskuter spelet Pac-Man.
LK06

Spel Pac-Man og svar på spørsmåla:
Søk 'play pac-man' i ein nettlesar. Spel, last ned eller godkjenn Flash, avhengig av kva du synest er enklast å få til.
- Korleis spelar ein Pac-Man?
- Kva er poenget med spelet?
- Beskriv dei visuelle og auditive elementa (figurar, fargar, lydar) i spelet.
- Kva for reglar gjeld i spelet?
- Korleis vinn ein spelet?
Snakk med ein medelev:
- Har de spelt Pac-Man tidlegare?
- Kva for spel har de spelt tidlegare som liknar mest på Pac-Man?
- Kva for spel likar de best å spele, eller har de likt best å spele?
- Kva med desse spela er det som de likar så godt?
Sist oppdatert 19.06.2018
Tekst: Hans Petter Ellingsen og Albertine Aaberge (CC BY-SA)