Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Øving

Øv på bruk av GPS med geocaching

Geocaching er ein internasjonal aktivitet der GPS blir nytta til å finne att postar. Desse postane blir kalla cachar. Er du ein mugglar? Då kan du lese vidare her og lære meir om kva geocaching er.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Open plastboks med diverse små gjenstandar oppi. Foto.

Ein open cache med innhald.

Flybilde der det er avmerket hvor det finnes geocacher. Foto.

Skjermbilde fra en geocaching-app.

Ein mugglar er nokon som ikkje driv med geocaching. Dei som er ute på jakt etter cachar, skal gjere det på ein slik måte at mugglarar ikkje ser kva dei held på med. På den måten røper vi ikkje kvar cachane ligg gøymde. Så viss du skal forsøke deg på geocaching: Sjå opp for mugglarar!

Geocaching som øving

Geocaching er ein fin aktivitet for å lære å bruke GPS. Geocaching eignar seg som ei øving de kan gjere i klassen eller du kan prøve det på fritida. Geocaching er gratis.

Utstyr de treng:

  • GPS
  • blyant eller penn

Det er også mogleg å bruke GPS-en på mobilen og ein eigen app på telefonen. Har du tilgang til ein GPS, bruk han, så får du trening i GPS-bruk.

Kva er ein cache?

Når vi driv med geocaching, leiter vi etter postar, kalla "cachar". Det blir uttala ein kæsj på norsk.

Slik går geocaching føre seg:

  1. Opprett ein brukarkonto. Viss klassen gjer dette saman, kan skulen lage ein brukarkonto, eller kvar elev kan opprette sin eigen.
  2. Leit i databasen etter cachar i nærmiljøet. Sjansen er stor for at det er plassert cachar i nærleiken av skulen eller der du bur.
  3. Les beskrivinga av cachen du skal finne. Der får du nokre hint om kor stor han er og korleis du skal gå fram for å finne han. Ofte er cachar plasserte ved ein sjåverdigheit, ein historisk stad eller ein annan plass det er verdt å oppsøkje. I beskrivinga står det meir om staden cachen ligg gøymd.
  4. Legg inn dei oppgitte koordinatane på GPS-en.
  5. Gå ut og leit.
  6. Når cachen er funnen, signerer du i loggen som ligg i cachen. Viss det ligg byteting i boksen, kan du byte ut ein gjenstand med ein ting du har med deg.
  7. Når du kjem heim, loggar du funnet på nettsida til cachen.
  8. I nokre boksar kan det vere ein "sporbar reiseven". Dette er nummererte gjenstandar. Viss du tek med deg ein slik, må du flytte han vidare til ein annan cache og logge "reisa" han har gjort. På loggen til slike gjenstandar kan du sjå korleis dei har reist rundt i verda.

Før du går i gang

Les meir om geocaching og set deg godt inn i reglane.
All informasjon du treng om geocaching, finn du på gcinfo.no.

Tips til fleire aktivitetar:

Plassere ut ein cache

Ein aktivitet de kan gjere i klassen, er å leggje ut dykkar eigne cachar. Kanskje er det ein sjåverdigheit, ein historisk stad eller ein fin utkikksplass nær skulen de kan få andre geocacharar til å besøke? Cachen skal vere beskrive på både norsk og engelsk, så dette er ei oppgåve de kan jobbe med i desse faga også. Å leggje ut ein cache krev at nokon tek ansvar for han framover. Skolen bør ha ein brukarkonto og stå som ansvarleg for cachen. Det er nokre reglar som skal bli følgde. Les desse nøye. Ver merksam på at det ikkje er lov å plassere cachar på skulen sitt område. Når cachen er plassert ut, er det spennande å følgje med på loggane som kjem inn.

Før de legg ut ein cache sjølv, bør de ha funne ein del cachar andre har lagt ut, slik at de blir godt kjende med korleis ein kan gjere det.

Les meir om utplassering av cachar på gcnorge.atlassian.net.

Skaffe ein "reiseven"

De kan skaffe ei sporbar brikke som de festar på ein gjenstand. Dette kan til dømes vere ein liten figur. Gi reisevenen eit namn og gjerne eit oppdrag. Eit oppdrag kan vere at han vil besøke så mange byar, fjelltoppar eller land som mogleg. Då vil andre geocacharar gjere sitt for at ønska til reisevenen blir oppfylte, og de kan følgje med på loggen korleis han reiser rundt i verda.

Meir informasjon om sporbare brikker finn du på gcnorge.atlassian.net.

Sist oppdatert 24.10.2019
Tekst: Ragnhild Kjeldsen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Bruk av kart, kompass og GPS