Som forbrukarar blir vi påverka av samfunnet vi lever i. Samstundes er vi sjølvstendige individ med eigne ønske og behov. Det heiter seg at ein del unge ser ut til å ha merkevarer på hjernen, medan andre ikkje bryr seg det minste. Kvar står du?
LK06

Gruppeoppgåve
Gå saman i grupper med to til fire deltakarar.
Kvar medlem i gruppa gir eit døme på eit favorittprodukt. I presentasjonen prøver kvar deltakar å vurdere sitt eige produkt ut frå følgjande spørsmål:
- Er dette ei merkevare?
- Korleis vil du omtale produktet?
- Kva for tankar og kjensler har du rundt produktet?
Deretter slepp resten av gruppa til i tur og orden med sine kommentarar til produktet.
(NB: Dette skal ikkje vere noka rangering av produkta. Formålet er å få fram ulike syn på merkevarer.)
Sist oppdatert 07.12.2017
Tekst: Kjell Rosland (CC BY-SA)
Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS