Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Val av ferie

Ferie og fritid gir oss høve til å komme bort frå dei daglege gjeremåla våre. Med ferie tenkjer dei fleste på hyggelege aktivitetar og avkopling saman med familie og gode venner. I denne oppgåva skal du drøfte kva som avgjer val av ferieform.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Fluefisking. Foto.

Oppgåve 1

Gå saman 2–4 elevar.

Kvar elev fortel kort om ein spesielt vellykka ferie.Etter kvar forteljing drøftar gruppa kva for motivasjonsfaktorar som medverka til at den aktuelle ferieforma blei vald.

Overfylt badestrand. Las Palmas.

Oppgåve 2

Tenk dykk at to venner skal ha ei vekes ferie. Den eine vil helst på fisketur, den andre vil på sydentur.

  • Drøft kva slags motiv som kan vere drivkraft ved val av fisketur og sydentur.
  • Prøv å skilje mellom indre og ytre motivasjonsfaktorar.
Sist oppdatert 07.12.2017
Tekst: Kjell Rosland (CC BY-SA)

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?