Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Yrkesutøving

    For at vi skal byggje hus, vegar, kraftverk og alt anna vi har behov for, trengst det mange forskjellige yrke. Her presenterer vi mange av yrka. Du får vite kva dei forskjellige handverkarane gjer. Vi viser noko av den grunnleggjande kunnskapen som trengst for å arbeide i byggjebransjen.

    Tømraren

    Tømraren blir knytt til bygging av einebustader, tilbygg, garasjar og andre mindre trehus. I tillegg er tømraren å finne på dei fleste byggjeprosjekt. Her kan nemnast forretningsbygg, skular, idrettshallar, sjukehus og hotell.