Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Yrkesutøving

    For at vi skal byggje hus, vegar, kraftverk og alt anna vi har behov for, trengst det mange forskjellige yrke. Her presenterer vi mange av yrka. Du får vite kva dei forskjellige handverkarane gjer. Vi viser noko av den grunnleggjande kunnskapen som trengst for å arbeide i byggjebransjen.

    Røyrleggjaren

    Når du jobbar som røyrleggjar, legg du opp røyranlegg i private bustader og offentlege bygg. Du må ha gode samarbeidsevner, fordi du jobbar med mange andre yrkesgrupper. Røyrleggjarfaget er veldig stort og innhaldsrikt, derfor har dette faget eit halvt år lengre læretid enn dei andre yrkesfaga.