
Oppgåve 1: Vurder ein debatt på Internett
Finn ein debatt som går føre seg akkurat no på Internett, gjerne i tilknyting til ei nyheitssak der mange deltek med innlegg. Studer kommentarane og gi ei vurdering av dei.
Finn ut:
- Kven deltek i debatten? (Stikkord: kjønn, alder, politisk eller anna gruppetilhøyrsel.)
- Kva kjenneteiknar debatten? (Er innlegga saklege? Er det lange, forklarande innlegg eller korte påstandar? Held ein seg til saka? Osb.)
- Korleis utviklar debatten seg? (Sklir han ut på nokon måte? Korleis?)
- Følgjer deltakarane dei reglane som er sette for ein debatt? Har debattane moderatorar? Korleis kjem dette eventuelt til synes?
- Synest du debattar i nettavisene bør ha moderatorar? Grunngi svaret ditt.
Oppgåve 2: Debatt i kommunen
Finn fram til eit tema som blir eller nettopp har vorte diskutert i din heimkommune, helst ei aktuell sak som mange har meininger om.
- Kvar skjer debatten, og kva kjem ut av diskusjonane?
Bruk lokalavisa og nettet som kjelde, eller snakk med folk som har involvert seg i debatten, for å finne svar på spørmålet. - Presenter det du har funne ut, etter avtale med læraren din.
Sist oppdatert 28.03.2017
Tekst: Trude Løvskar og Albertine Aaberge (CC BY-SA)