Vandring - Reiseliv og språk 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Vandring

Når vi skal ut og gå – kort eller langt – med ei gruppe turistar, må vi planleggje godt med tanke på tidsbruk og tempo.

Om du tek over gruppa på staden eller følgjer dei med buss, har Norges Guideforbund gode tips for organisering og gjennomføring:

  1. Presenter deg. Forklar ruta de skal følgje.
  2. Forklar kvar de skal avslutte.
  3. Marker etappane tydeleg, det vil seie at vi fortel kor langt vi skal gå før vi stoppar att.
  4. Ha kontroll med gruppa – ikkje mist noko.
  5. Tilpass tempoet til gruppa og til tida de skal bruke.
  6. Tenk plassering – av deg sjølv og gruppa.
  7. Ta omsyn til støy.
  8. Snakk aldri medan du går. Må du seie noko, gå baklengs, vend mot gruppa.
  9. Får du spørsmål – ta det opp att så heile gruppa får del i svaret.
  10. Tenk stemmebruk og pust.
Skrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019