På museum og andre samlingar - Reiseliv og språk 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

På museum og andre samlingar

Når ein er på besøk i museum og samlingar, er det mykje å ta omsyn til. Her er nokre råd for korleis ein kan organisere slike besøk.

Mange guidar er knytte til eitt eller fleire museum. Her er endå fleire tips frå Norges Guideforbund til korleis du kan organisere og styre eit besøk i eit museum:

  1. Ønsk velkomen og presenter deg for gruppa.
  2. Presenter museet – fortel om tilboda (butikk, sikkerheitskontroll, toalett osv.).
  3. Ha ein plan for omvisinga di.
  4. Fortel kva de skal sjå og gjere i museet.
  5. Forklar kvar de skal avslutte.
  6. Lei gruppa til det du vil vise fram.
  7. Stå slik at alle ser og høyrer deg.
  8. Ta omsyn til andre besøkjande og grupper.
  9. Vent med å snakke til du har merksemda til gruppa.
  10. Snakk aldri medan du går.
  11. Tilpass bodskapen til gruppa og situasjonen.
  12. Ta omsyn til «stemninga» i gruppa.
  13. Gi gruppa litt tid til å gå rundt på eiga hand.
  14. Ver tilgjengeleg for spørsmål.
  15. Dersom de skal vidare med buss, gå til bussen litt før avtalt avreisetid.
  16. Stå alltid ved sida av – og aldri framfor – gjenstanden du snakkar om.
  17. Stå alltid vend mot gruppa.
  18. Plasser gruppa slik at alle ser best mogleg.
  19. Snakk til gruppa, ikkje til gjenstanden du snakkar om.
  20. Ha blikkontakt med gruppa.

Ver i dialog med gruppa. Send på «kanalen til mottakaren»!

Skrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019