Hopp til innhald
Veiledning

Bottom Hole Assembly – BHA

Bottom Hole Assembly betyr nediholsutstyr. Det er utstyret som blir brukt nedst i borestrengen til å bore og styre borestrengen. Dette verktøyet er viktig for å oppnå ein effektiv og sikker bore- eller brønnoperasjon.

Komponentane i borestrengen

Uttrykket Bottom Hole Assembly (BHA) omfattar alt utstyr som blir brukt i ein arbeidsstreng i brønnen. Det kan vere utstyr for vertikal boring, retningsboring, logging, brønntesting, komplettering og brønnservice.

Felles for BHA er at det er den delen av arbeidsstrengen som har andre funksjonar enn berre å leie utstyr inn og ut av brønnen, som borerøyr, kabel eller kveilerør bidrar med.

Forkortinga BHA er vanleg å bruke i skriftleg form og er allment kjend i oljeindustrien over heile verda. Det er vanlegare å uttale BHA som «Bottom Hole Assembly».

Skrive av Linda Vasshus Lidal.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2017