Oppgave
Reklame, målgruppe og merkevarebygging
- Søk på nettet etter reklamefilmar. Finn ein reklamefilm for eit produkt der målgruppa er personar over 50 år.
- Finn deretter ein annan reklamefilm for eit produkt som er retta mot ei kjønnsbestemt målgruppe.
- Forklar kvifor du meiner reklamefilmen er retta mot nettopp desse målgruppene.
- Kva vil reklamefilmane at målgruppene skal vite om produktet?
- Kva forventningar vil reklamefilmen at målgruppene skal ha til produktet?
- Seier reklamen noko om kva som er grunnen til at kundar i målgruppa skal kjøpe produktet?
- Presenter for klassen det du har funne ut.
- Har du nokon gong trykt «likar» på eit oppslag om eit produkt eller eit firma i eit sponsa innlegg på Facebook? I tilfelle, kva for eit?
- Har du delteke i ein quiz eller ein konkurranse som fremjar eit produkt eller ei merkevare? I tilfelle, kva for nokre?
- Har du endra synet ditt på det produktet eller den bedrifta som køyrde konkurransen?
- Har du handla produkt som følgje av å ha delteke i ein sosial kampanje?
- Diskuter svara med ein klassekompis. Er denne forma for marknadsføring ein smart måte å nå unge menneske på?
Diskuter i klassen:
- Er det kult å gå med klede som har merke på seg?
- Kva kjenneteiknar dei merka som blir rekna som kule?
- Kvifor har somme merke meir verdi enn andre?