Hopp til innhald

Fagstoff

Hausting, næringsinnhald og bruksområde

Ville nyttevekstar, "etande ugras", har blitt ein trend i restaurantar og på hotell. Det er ei stadig aukande interesse for spiskammeret som ein finn i den norske naturen, og i mange miljø har det blitt ein trend å dra nytte av og hauste det som naturen gir.
To elevar som skjenkjer opp aperitiff i glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ville nyttevekstar

Superkokkar på nokre av dei beste restaurantane og hotella i landet nyttar no ville vekstar i menyen sin. Privatpersonar haustar og sankar nyttevekstar frå naturen og sel råvarene til restaurantane. Sjølv om vekstsesongen er kort i Noreg, planlegg dei for hausten og vintermånadene og er derfor opptekne av å konservere nyttevekstane.

Bruksområde

I tillegg til at dei viltveksande plantane våre kan vere eigne retter, er dei populære å nytte i

Fargerik salat på eit fat med ei skål grøn pesto ved sida av. Foto.
  • salatar
  • supper
  • stuingar
  • kaker
  • pestoar

Mange ville nyttevekstar er fantastiske erstatningar for butikkjøpte grønsaker og urter. Enkelte plantar kan vi nytte friske, mens andre må vi skrelle og forvelle for å ta bort bitterstoff.

Plukkar ein geitrams, kan ein nytte dei i staden for asparges, og ein kan lage pestoar av løvetann, skvallerkål og brennesle. Til salatar kan ein nytte surblad, groblad, matsyre, meldestokk, løvetann, vassarve og skvallerkål. Både brennesle og skvallerkål er gode å lage supper av. Andre plantar kan nyttast som krydderplantar og te.

Rett utanfor stovedøra vår finst det mange etande nyttevekstar som er gode erstatningar for butikkjøpte grønsaker. Ute i skog og mark kan ein fråtse i god og næringsrik mat.

Haustetidspunkt

Mange ville urter blir bitre, seige og trælete dersom ein plukkar dei for seint. Unge, ferske blad og skot smaker betre enn gamle. Bladurtene er dei første som kjem om våren. Det beste er å plukke dei blada som har stått i skuggen, då bitterstoffa, mellom anna i løvetann, kjem av sollyset og fotosyntesen. Når plantane har begynt å bløme, er det ofte for seint å nytte dei som matplante.

Ein bør ikkje nytte plantar som veks i veg- og åkerkantar, då dei kan vere ureina av eksos og sprøytemiddel.

Ein handfull granskot. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

På grunn av varierande vekstvilkår, er det vanskeleg å oppgi ei eksakt mengde av næringsstoff i plantane. Plantane veks på ulike stader og kan ha forskjellige jordsmonn med ulike næringsverdiar.

Klima, som vekstsesong, temperatur og tilgang på vatn og sollys, påverkar næringsinnhaldet i ville plantar.

Dei fleste plantar har eit høgt innhald av vitamin C. Næringsinnhaldet elles varierer ein del, og mange av plantane inneheld meir eller mindre av vitamina A, B og K, og minerala jern, kalium, fosfor og kalsium. Plantane er òg gode kjelder til protein, stivelse og fiber.

Mange plantar inneheld mykje flavonoid. Flavonoid kan verke beskyttande mot kreft og hjarte- og karsjukdommar. Mange flavonoid blir kalla antioksidantar, då dei vernar cellene mot frie radikalar og hindrar feittstoffa i cellene i å oksidere eller harskne.

Ein person i ei eng full av skvallerkål haustar plantar i ein gjennomsiktig pose. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim, Hege Resell Amdahl, Cathrine Stavnes og Martin Sveen.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2024

Læringsressursar

Hausting av nyttevekstar