Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåve Dei 5 p-ane

Marknadsføring er meir enn berre reklame. I denne oppgåva skal du jobbe med dei fem verkemidla innanfor marknadsføring, også kalla dei fem p-ane.
Taste of Måløy UB. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

I denne oppgåva skal du jobbe med dei fem p-ane innan marknadsføring. Klassen blir delt i grupper på fire. Kvar gruppe tek for seg eit produkt som dei har produsert på skulen, og utarbeider eit forslag til korleis ein kan marknadsføre dette produktet. Forslaget skal deretter presenterast for dei andre elevane i klassen, og vinnaren av det beste forslaget skal kårast.

Ta utgangspunkt i dei fem p-ane:

  • Produkt: Kva er spesielt med dette produktet? Kvifor skal kunden velje dette produktet framfor konkurrenten sitt produkt?
  • Pris: Kva er ein passande pris på produktet? Kva for metode brukar de for å prissetje produktet?
  • Påverknad: Korleis vil de påverke kundar til å kjøpe produktet dykkar?
  • Plass: Kvar ville det vore lurt å selje dette produktet?
  • Personal: Kva slags kompetanse hos personalet bør framhevast i forhold til produktet?

Lag eit hefte eller ei mappe med

1) framside og namn
2) innhaldsliste
3) innleiing
4) svar på oppgåvene
5) avslutning
6) kjeldetilvisingar

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Marknadsføring