Hopp til innhald

Fagstoff

Selskapsmeny

Vi har mange ulike typar menyar. Her skal vi sjå på kva som kjenneteiknar ein selskapsmeny.
Foto av eit menykart på eit selskapsdekt bord.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein selskapsmeny?

Selskapsmenyar bruker ein ved større tilstellingar som bryllaup, konfirmasjon, barnedåp, bankett, jubileum, bursdagsfeiring og liknande. Ein selskapsmeny er ein sett meny. Det tyder at menyen er bestemd på førehand, og alle gjestane et dei same rettane.

Ein selskapsmeny vil variere alt etter kva slags tilstelling det er, kvar selskapet blir halde, kor mange menneske som er til stades, kva slags budsjett arrangøren har, og så vidare. Menyane ein bruker i slike selskap, blir stort sett komponerte av rettar som passar til middag. Menyen må vere sett saman slik at det blir ei positiv oppleving for gjestane og noko dei kan tenkje tilbake på med glede.

Menyen må vere gjennomtenkt

Menyen består ofte av tre til fem rettar eller fleire, og må vere grundig gjennomtenkt. Ved særleg store selskap, som bankettar, utnyttar ein ofte bedrifta sin kapasitet maksimalt. Då er det viktig at ein ikkje komponerer svært krevjande menyar som det vil ta lang tid å leggje opp på tallerkenar eller fat. Mange vel å servere ein av rettane utanom desserten som ein kald rett, slik at denne retten kan leggjast opp før selskapet går til bords. Dermed har kjøkkenet betre kapasitet til å konsentrere seg om den varme maten.

Ved større tilstellingar blir det ofte halde ein del talar. Det kan vere lurt å be om at talane blir haldne mellom hovudretten og desserten, slik at ein ikkje blir ståande på kjøkkenet og varme på hovudretten fordi talane trekkjer ut.

Når ein set opp ein selskapsmeny, er det vanleg at ein kjem med forslag til ei vinpakke som passar til rettane.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Menytypane