Hopp til innhald

Fagstoff

Rulla deigar

Her ser vi på rulla deigar som butterdeig, wienerdeig og paideig.
Butterdeig
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksempel på variantar av ekte butterdeig:

  • butterdeigsnippar
  • fleurons
  • kantane til posteiar
  • saltkransar
  • saltstenger
  • terteblad

Samanslegen butterdeig

  • Bland mjøl, vatn og margarin i terningar (alle ingrediensane må vere kalde) og elt blandinga i miksar med deigkrok til ein fast masse.
  • Drys bakeplata med kveitemjøl og trykk ut deigen til eit lite rektangel med handa. Kjevl det ut til det er cirka 15 mm tjukt. All kjevlinga skal gå frå midten og ut mot hjørna.
  • Brett den eine enden av rektangelet 1/3 inn og brett den andre enden over slik at det blir tre lag.
  • Deigen bør kvile i minst 30 minutt før bruk. Han kan liggje innpakka i plast på kjølerom.
  • Når denne deigen skal brukast til terteskjel eller vol-au-vent, tilset vi 1–2 eggeplommer per kilo deigvekt.

Eksempel på variantar av samanslegen butterdeig:

  • barkettar
  • napoleonskake
  • posteibotnar
  • tartelettar
  • terteskjel
  • vol-au-vent

Wienerdeig

  • Smuldre margarinen i kveitemjølet.
  • Ha i smuldra gjær og melis/farin.
  • Egg og væske skal tilsetjast litt etter litt. Du bør arbeide (elte) minst mogleg med grunndeigen.
  • Rull deigen litt ut slik at bakemargarinen kan pakkast godt inn i grunndeigen.
  • Det heile skal kjevlast ut til eit rektangel, cirka15 mm tjukt.
  • Børst vekk laust mjøl og brett rektangelet 1 x 3 inn. Sjå butterdeig.
  • Gjenta dette to gonger.
  • Dersom deigen ikkje kan bakast ut med ein gong, legg vi han på kjølerom innpakka i plast.
  • Utbakte kaker av wienerdeig bør hevast i raskeskap utan damp ved ein temperatur på 32–36 °C. Dei skal steikjast ved cirka 240 °C.

Eksempel på variantar av wienerdeig:

  • borgarmeisterflette
  • wienerbrød
  • wienerhorn
  • wienerkam
  • wienerkringle
  • wienerrull
  • wienerstong

Paideig

Paideig er laga av kveitemjøl, bakemargarin, salt og vatn.

  • Bland mjøl, margarin og salt i miksar med deigkrok.
  • Tilset vatnet litt etter litt. Ikkje arbeid for mykje med massen.
  • Set deigen til kjøling i 30 minutt.
  • Kjevl deigen og kle forma med leiven.

Relatert innhald

Film om korleis ein lagar ein butterdeig

CC BY-NC-SASkrive av Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Korn og baking