Fagstoff

Mål og vekt

Publisert: 26.06.2012

Mål og vekt

 

bilde av en vektSkålvekt kontrollmåling av en literKontrollmåling bilde av sukker i litermålSukker i litermål bilde av juice i litermålJuice i litermål 

Omgrep

ingrediensar
liter
desiliter
kvart *
tre kvart
kilogram
1000 gram
resept

Filmen handlar om sentrale måleiningar som liter, kilogram og kvart. Dette er måleiningar som ofte blir brukte i arbeid med mat, og som er viktige for å få til eit godt og riktig resultat. Måleiningane blir forklarte og visualiserte på ein tydeleg måte, og vi får høyre om forskjellen på oppskrift og resept.

Spørsmål

  1. Kvifor er det viktig å vere nøyaktig med mål og vekt når du jobbar med mat?
  2. Forklar kva som er meint med ingrediens.
  3. Kor mange dl er det i ein liter?
  4. Kor mange desiliter får du når du deler ein liter på fire?
  5. Kor mange ml er 6 dl?
  6. Kor mange gram er det i ein kilo?
  7. Kor mange cl er det i ein liter?
  8. Rekn om denne oppskrifta til liter og gram:                        Søt gjærdeig:
    0,5 kg kveitemjøl
    0,120 kg sukker
    6 dl mjølk
    0,140 kg margarin
    0,050 kg gjær
    (2 ts kardemomme)
  9. I eit kjøttmåltid reknar vi 180 gram rått kjøtt per person. Du har ei steik på 3,5 kilo. Kor mange personar er ho til?
  10. Når du veg, må du ta vekk tara, kva er det? Søk på Internett for å finne svaret.
  11. Kva er forskjellen på ei oppskrift og ein resept?

Praktisk oppgåve

Bruk aktuelle læremiddel og finn framgangsmåten for elting av gjærdeig. Bruk oppskrifta på søt gjærdeig (som står over). Elt deigen i 3 minutt, og beskriv konsistensen. Tilsett 500 gram kveitemjøl, og elt 5 minutt til, beskriv konsistensen. Kva har skjedd?