Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjukdom frå mat og drikke

Filmen handlar om kvifor vi kan bli sjuke av mat, korleis mat kan bli bederva, og korleis vi kan unngå dette.

Skriv ein kort definisjon av desse omgrepa:

  • mikroorganismar
  • smittekjelde
  • vekstvilkår
  • næring
  • lett bederva
  • matforgifting
  • matinfeksjon
  • kryssforureining
  • grovkjøkken

Spørsmål

  1. Kva skjer dersom mat står i romtemperatur over lengre tid? Forklar.
  2. Kva meiner vi med ordet smittekjelde? Forklar.
  3. Kva er meint med vekstvilkåra for bakteriar? Forklar.
  4. Kva er forskjellen på matinfeksjon og matforgifting?
  5. Kva oppgåve har Mattilsynet?
  6. Kva er kryssforureining?
  7. Nokre bruker utstyr med fargekodar. Kvifor?
  8. Korleis blir systemet med reine og ureine soner organisert?

Praktisk oppgåve

Ta to små fiskestykke og pakk dei i plast. Legg det eine på kjøkkenbenken og det andre på kjøling. Sjekk begge fiskestykka etter eit døgn. Bruk sansane, og beskriv begge fiskestykka.

CC BY-NC-NDRettshavar: Snöball Film AS
Sist fagleg oppdatert 20.02.2018

Læringsressursar

Hygiene og mikrobiologi