Fagstoff

Å beskrive mat

Publisert: 21.05.2012, Oppdatert: 04.03.2017

Å beskrive mat

Filmen handlar om korleis vi beskriv mat gjennom smak, konsistens og presentasjon. Det blir gitt eksempel på korleis du kan teste smak og konsistens, korleis ein middag bør presenterast på tallerkenen, og korleis matvarer blir presenterte i butikken.

lime og limesaftSurt: Lime og nypressa limesaft  
Omgrep:

Smaksløkar

surt

søtt

salt

bittert

umami

balanse

farin

konsistens

presentasjon

emballasje

 

Spørsmål

Alle som har eit yrke der dei lagar mat, er interesserte i råvarer av beste kvalitet.

  1. Beskriv dei sansane du kan bruke for å vurdere kvaliteten på råvarene.
  2. Kva meiner vi med konsistens? Gi eksempel på korleis konsistens er viktig for å vurdere kvaliteten på ei råvare eller eit produkt.
  3. Kva vil du leggje vekt på når du presenterer ein middagsrett på ein tallerken? Smaken varierer frå person til person. Vaksne liker gjerne annan mat enn det barn gjer.
  4. Folk frå forskjellige delar av verda liker ulike råvarer og matretter. Kva trur du er med på å styre smaken vår?

Praktiske oppgåver

  1. Gå på kjøkkenet, og vel deg ut ei råvare som er pakka inn i emballasje. Beskriv kva slags opplysningar emballasjen har om råvara.
  2. Bak skulebrød i ulike størrelsar. Kva for nokre får du selt først? Kva har utsjånaden å seie?
  3. Bland råvarer som smaker surt, salt, søtt og bittert til du synest det er ein god smak. Skriv ned namnet og mengda på råvarene du har brukt.