Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Studer mediekommentaren «Sprekk trolla verkeleg?»

Sven Egil Omdal har i mange år vore fast kommentator i fleire norske aviser. Han har også skrive mange mediekommentarar for mediefaget på NDLA. I denne oppgåva skal du nærlese ein av desse kommentarane og gjere greie for oppbygging og biletbruk.
Portrett av Sven Egil Omdal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les mediekommentaren «Sprekk trolla verkeleg?», som blei skriven etter massedrapa på Utøya 22. juli 2011.

  1. Kva ventar du av ein tekst som blir presentert som ein «kommentar»?
  2. Kva for problemstilling blir teken opp i kommentaren «Sprekk trolla verkeleg?»?
  3. Korleis er teksten bygd opp?
  4. Omdal bruker eit språkleg bilete i overskrifta og i ingressen. Kva for tekstar er det han refererer til her? Kva er samanhengen mellom desse tekstane og det temaet Omdal skriv om?
  5. Det blir presentert to ulike prinsipielle standpunkt i denne kronikken. Kva går desse standpunkta ut på?
  6. Kva for språkleg bilete bruker Omdal når han presenterer standpunkta til norske redaktørar?
  7. Når det gjeld det andre prinsipielle standpunktet, refererer Omdal til ein amerikansk psykolog og ein studie. Korleis presenterer Omdal dette synet, og korleis følgjer han opp det litterære biletet i overskrifta?
  8. Kommenter måten Omdal argumenterer på. Har han ein klar konklusjon?
  9. Kva for trekk ved denne teksten syner at han tilhøyrer sjangeren kommentar?

Relatert innhald

Når norske redaktørar skal forsvare kvifor dei slepp hat og framandfrykt til i spaltene, viser dei ofte til at troll sprekk i sollyset.

CC BY-SASkrive av Oddvar Engan.
Sist fagleg oppdatert 22.12.2017

Læringsressursar

Mediesjangrar