Hopp til innhald

Fagstoff

Faktorar som bidreg til biologisk mangfald

Det biologiske mangfaldet varierer etter kvar du er i verda. I tillegg er det store regionale og lokale forskjellar. Ein kombinasjon av mange ulike faktorar kan forklare denne variasjonen.
  Verdskart med område i ulike fargar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange faktorar bidreg til mangfaldet

Variasjonen i mangfaldet vi observerer, kjem av ein kombinasjon av fleire ulike faktorar:

  • tid
  • areal
  • energi og produktivitet
  • habitat og nisjar
  • samspel mellom artar
  • forstyrringar/miljøendringar

Tid til evolusjon

Evolusjon av biomangfald tek tid, og mangfaldet er derfor størst i gamle og stabile økosystem. Slike finn vi i tropiske område. Område som var nediste under siste istid, har derimot hatt lita tid både til å utvikle nye artar og til å ta imot innvandring av artar etter at isen trekte seg tilbake.

Areal gir rom for mangfald

Eit større areal har ofte eit større mangfald. Det er fordi det har større variasjon i habitat og plass til fleire individ, noko som reduserer sjansen for at artar døyr ut. At biomangfaldet blir mindre jo meir vi nærmar oss polane, kan derfor delvis kome av at det totale arealet går ned, men dette er ikkje heile forklaringa.

 Raud kurve som veks eksponentielt mot høgre, men flatar ut etter kvart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Energi og produktivitet

Abiotiske faktorar som temperatur, solinnstråling og nedbør varierer med breiddegrada. Desse faktorane ser ut til å vere ei god forklaring på den globale variasjonen i biomangfald. At produktiviteten går ned jo nærare vi kjem polane, heng saman med desse faktorane, og globalt ser biomangfaldet ut til å auke med stigande produktivitet. Enkelte stader kan derimot høg produktivitet gi redusert biomangfald, fordi eit fåtal konkurransesterke artar kan ta heilt over. Ved låg produktivitet er det som regel få artar som er i stand til å utnytte ressursane.

Habitat og nisjar

Elefantar ved Kilimanjaro. Foto.

Variasjon i og er viktig for det biologiske mangfaldet og heng nært saman med temperatur, solinnstråling, vekstsesong og nedbør. Jo meir vi nærmar oss polane, og jo høgare opp vi kjem, jo færre habitat og nisjar blir det generelt. Dette gir rom for færre artar.

Samanlikning av eit granplantefelt og ein naturleg blandingsskog

I ein monokultur dyrkar ein i hovudsak berre éin art. Førekomsten av andre artar, spesielt "ugras" og skadedyr, blir halden nede for å auke avkastinga på det som blir dyrka. Døme på monokulturar er eit granplantefelt eller ein rugåker. Biomangfaldet i ein monokultur er lågt.

I eit granplantefelt plasserer ein trea tett for å utnytte plassen godt. Det vil dermed kome lite lys ned til bakken, og undervegetasjonen blir dårlegare utvikla. Den låge variasjonen i habitat og nisjar gjer at det her vil vere færre artar som er tilpassa miljøforholda. I ein naturleg blandingsskog er det fleire treslag og tre av ulik høgd og alder. Denne variasjonen i både fysiske og biologiske forhold gir rom for høgare artsrikdom, sidan fleire artar med ulike miljøkrav vil finne eigna habitat og nisjar her.

Til venstre ein monokultur beståande av eit landskap med grantre tett i tett. Til høgre ein naturleg blandingsskog beståande av spreidde grantre, lauvtre og blomstrar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samspel mellom artar gir moglegheiter for mangfald

Her er nokre døme på former for samspel mellom artar som er viktige drivkrefter i evolusjon, og som dermed påverkar biomangfaldet:

  • Konkurranse
    Konkurranse mellom artar om dei same ressursane kan føre til at den eine vinn, og at biomangfaldet blir redusert. Men dersom dei to artane kan dele på ressursane, slik at dei kan bu side om side, vil mangfaldet auke. Det ser ut til å vere mest konkurranse i dei mest produktive områda ved ekvator, der også biomangfaldet er størst.

 Grafisk framstilling med ressursar på x-aksen og inntak på y-aksen. Rosa kurve viser kva for nokre ressursar og kor mykje av ressursane ei ugle bruker. Blå kurve viser kva for nokre ressursar og kor mykje av ressursane ein falk bruker. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Mutualisme
    Mutualisme, altså samspel der artar dreg nytte av kvarandre, er svært viktig, spesielt i dei rikaste økosystema på jorda, til dømes tropiske regnskogar og korallrev. Mutualisme opnar opp for nye moglegheiter og nisjar.

  • Predasjon
    Når det gjeld predasjon, ser det ut til at både for mykje og for lite reduserer biomangfaldet. For mykje predasjon kan utrydde byttedyr eller plantar heilt, mens for lite predasjon kan føre til at nokre få organismar tek over.

Forstyrringar gir utvikling

Skogbrann, flaum og tre som fell over ende, er døme på forstyrringar som kan påverke biomangfaldet ved å føre til død, endringar i ressurstilgang eller fysiske endringar i leveområdet. Område kan mellombels bli opna for andre artar som er betre tilpassa enn dei som var der frå før, og føre til .

Kraftige og/eller hyppige forstyrringar reduserer ofte biomangfaldet. Meteornedslaget som visstnok utraderte dinosaurane, forårsaka ein massiv nedgang i mangfaldet på jorda. Mangel på forstyrringar kan derimot føre til at eit økosystem blir fylt av få og veldig godt tilpassa artar. Passe mykje forstyrringar ser ut til å gi størst mangfald.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfold