Fagstoff

Korleis forklare mønster i biomangfald?

Publisert: 15.05.2012, Oppdatert: 04.08.2017
Fjellblomst ved isbre

Nedgangen i biomangfald frå ekvator mot polane og med auka høgd over havet kan forklarast med ein kombinasjon av fleire faktorar. Kva den enkelte faktoren har å seie, kan variere med tid og stad, og dei kan òg forklare variasjon i biomangfald på regional og lokal skala.

Nordlige halvkule og utbredelsen av isKartet viser maksimum utbreiing av is (svart) under kvartæristida.
Opphavsmann: Hannes Grobe
 

Havoverflate temperaturer påvirket av solinnstråling.Solinnstråling varierer med breiddegrad. Dette biletet viser temperaturen på havoverflata som blir påverka av sollyset. 

FjellandskapElefantar ved Kilimanjaro. Biomangfaldet blir redusert med aukande høgd over havet.
Fotograf: Disdero
 

Kråkefugl som spiser parasitter i øret hos en hjort.Mutualisme opnar for nye moglegheiter og nisjar. Kråkefugl som et parasittar i øyret på hjorten. 

Skog i full flamme.Skogbrann er ei forstyrring som medfører påfølgjande suksesjon.
Fotograf: John McColgan

Tid og areal

Evolusjon av biomangfald tek tid og er derfor størst i gamle og stabile økosystem som vi finn mange av i tropiske område. Område som var nedisa under siste istida, har derimot hatt lite tid både til å utvikle nye artar og til å ta imot innvandring av artar etter kvart som isen trekte seg tilbake.

Eit større areal har ofte eit større mangfald fordi det har større variasjon i habitat og plass til fleire individ, noko som reduserer sjansen for at artar døyr ut. Nedgangen i biomangfald mot polane kan derfor delvis vere fordi det totale arealet går ned, men dette er ikkje heile forklaringa.

Energi og produktivitet

Abiotiske faktorar som temperatur, solinnstråling og nedbør varierer òg med breiddegrad. Desse faktorane ser ut til å vere ei god forklaring på den globale variasjonen i biomangfald.

Nedgang i produktivitet mot polane heng saman med faktorane som er nemnde over, og globalt ser biomangfaldet ut til å auke med aukande produktivitet. Lokalt kan derimot høg produktivitet gi redusert biomangfald fordi eit fåtal konkurransesterke artar kan ta heilt over. Ved låg produktivitet er det som regel få artar som er i stand til å utnytte ressursane.

Habitat og nisjar

Variasjon i habitatHabitatet til ein art er den konkrete staden der han lever ("adressa" til arten). Habitatet til ein art er det naturmiljøet der han er best tilpassa, og kan vere ein granskog, ein dam, ei elv eller ei kuruke. og nisjerNisjen til ein art er abstrakt og beskriv korleis han utnyttar ressursane ("rollen"/"jobben" til arten). Nisjen til ein art er bestemt av summen av miljøforhold (både abiotiske og biotiske) som er nødvendige for at arten skal overleve og formeire seg.Gauses konkurranseprinsipp seier at to artar med fullstendig overlappande nisjar ikkje kan sameksistere. er viktig for det biologiske mangfaldet og heng nært saman med punkta som er nemnde over. Mot polane og med aukande høgd over havet er det generelt ein nedgang i talet på habitat og nisjar. Dette gir rom for færre artar.

 

Samspel mellom artar

Konkurranse, mutualisme og predasjon er eksempel på ulike former for samspel mellom artar som kan påverke biomangfaldet i eit økosystem fordi dei er viktige drivkrefter i evolusjon.



  

Forstyrring

Skogbrann, trevelt og overfløyming er eksempel på forstyrringar som kan påverke biomangfaldet ved å føre til død, endringar i ressurstilgang eller fysiske endringar i leveområdet. Område kan foreløpig opnast for andre artar som er betre tilpassa enn dei som var der frå før, og føre til suksesjonSuksesjon betyr endring i artssamansetjing over tid. Etter ei forstyrring vil eit samfunn gjennomgå ei rekkje stadium der nye artar stadig erstattar dei gamle etter kvart som miljøforholda på staden blir endra.Biomangfaldet kan gå både opp og ned i løpet av ein slik suksesjon og er oftast høgast midt i prosessen.Eit stort område med fleire mindre flekker der suksesjonener på ulike stadium, har i sum eit større biomangfald enn eiteinsarta område der alt er på same stadiet..

Kraftige og/eller hyppige forstyrringar reduserer ofte biomangfaldet. Meteornedslaget som visstnok utraderte dinosaurane, forårsaka ein massiv nedgang i mangfaldet på jorda. Mangel på forstyrringar kan derimot føre til at eit økosystem blir fylt av få veldig godt tilpassa artar. Passe mykje forstyrring ser ut til å gi høgast mangfald.

Relatert innhald

Fagstoff