Fagstoff

Globale og regionale mønster i biomangfaldet

Publisert: 14.05.2012, Oppdatert: 04.08.2017
Kolibri som drikker nektar.

Det biologiske mangfaldet er ikkje jamt fordelt utover kloden. Nokre område har meir biologisk mangfald enn andre. Nokre av desse har òg mange endemiske artar, det vil seie artar som ikkje finst andre stader. Slike område kallar vi globale «hotspots» og er spesielt verdifulle.

Biodiversiteten ved et korallrev i farger.Artsrikt korallrev i Raudehavet. 

Artsfattig polarørken.Artsfattig polarørken på Grønland. 

Neseape med sin markante nese som har gitt navnet.Naseape er ein art som berre finst på øya Borneo (endemisk for Borneo). Borneo ligg ved ekvator og har eit variert og artsrikt plante- og dyreliv.

Breiddegradsvariasjon

Dei mest artsrike områda på jorda er i tropane, og generelt blir det færre artar jo lenger frå ekvator ein kjem. Dei fleste hotspotta er i tropiske område, men det finst òg nokre i tempererte strøk. Det er ingen hotspots i polare område.

Kart over verdens hotspotsHotspots – biodiversitet
Opphavsmann: Ninjatacoshell
 

Høgde- og djupnevariasjon

Det er òg nedgang i biomangfaldet dess høgare over havet vi kjem.

I havet ser det ut til at biomangfaldet går ned dess djupare det blir, men størst mangfald finn vi ofte ved mellomdjupner.

Isolasjon

Det er kjent at biomangfaldet er mindre på små øyar langt ute i havet enn på større øyar nært land. Mangfaldet går ned med aukande isolasjon og nedgang i areal. Geologiske barrierar som store fjellkjeder kan bidra til isolasjon på same måte.

Relatert innhald

Fagstoff