Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis måler vi biologisk mangfald?

Det er viktig å talfeste det biologiske mangfaldet, slik at vi kan studere mønster og overvake endringar. Vi har ikkje éin målemetode som dekkjer all variasjon på økosystem-, arts- og gennivå. Målet er å fange opp variasjon i karaktertrekk og eigenskapar ved å bruke tilgjengeleg kunnskap.
Kvinne med raud anorakk og solbriller gjer målingar med tommestokk i metallramme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Artsmangfald = tal artar

Vanlegvis måler vi biologisk mangfald på artsnivå. Dette kallar vi artsmangfald. Variasjon på gennivå og økosystemnivå heng ofte nært saman med artsmangfaldet.

Det enklaste målet på biologisk mangfald er altså rett og slett talet på artar. Vi kan finne ut kor stort artsmangfaldet er innanfor ein større region, eit land, ein kommune eller eit mindre område. Ofte måler vi artsmangfald i ei organismegruppe, til dømes sommarfuglar, amfibium eller karplantar.

Like mange artar – ulikt mangfald

Artsmangfald er eit enkelt, men litt grovt mål. Det tek ikkje omsyn til kor mange individ det finst av kvar art, og skil derfor ikkje mellom vanlege og sjeldne artar. Eit område med artar som ikkje er i nær slekt, og som høyrer til ulike organismegrupper, inneheld langt meir genetisk variasjon og variasjon i karaktertrekk enn eit område med like mange, men nærskylde artar.

To rektangel med avrunda hjørne. Det eine har namnet "gruppe A" og inneheld rådyr, gråsporv, snigel og grantre. Det andre har namnet "gruppe B" og inneheld ramn, gråsporv, måse og gjerdesmett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sørensens ulikskapsindeks i ruteanalysar

Ein metode for å kartleggje førekomst og mangfald av plantar i eit område er å bruke ruteanalyse. Då lagar vi ei kvadratisk rute på bakken og registrerer førekomsten av plantar innanfor denne ruta.

Vi kan bruke Sørensens ulikskapsindeks for å samanlikne artsmangfaldet i to ulike ruter. Først tel vi opp talet på artar i kvar av rutene og finn ut kor mange av artane som er felles for begge ruter.

  • mij er talet på like artar i rute i og j

  • mi er talet på artar i rute i

  • mj er talet på artar i rute j

Etterpå kan vi rekne ut Sørensens ulikskapsindeks med denne formelen:

Si,j=2mij(mi+mj)

To kvadrat delte opp i 16 like store delar. Plantar er plasserte i nokre av rutene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For rute 1 og 2 over kan vi berekne indeksen slik:

S1,2=2·m1,2(m1+m2)=2·2(4+3)=47=0,57

Jo lågare verdi indeksen har, jo meir ulik er artssamansetninga i rutene. Viss indeksen er 0, er det ingen artar som er felles i dei to rutene. Viss verdien er 1, finst alle artane i begge rutene.

Sørensens ulikskapsindeks kan vere nyttig når vi undersøkjer endringar langs ein gradient. Endringar i verdiar kan tyde på endringar i til dømes miljøforhold.

Indikatorartar som mål på biomangfald

Måsefugl flyg over hav. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre gonger har vi ikkje nok kunnskap eller ressursar til å måle biomangfald på ein god måte. I slike tilfelle er det betre med forenklingar og tilnærmingar enn ingenting.

Førekomsten av indikatorartar kan seie noko om det biologiske mangfaldet til området ved at dei er eit mål på miljøtilstanden i området. Indikatorartar er artar som er lette å kjenne igjen og avgrense, og som i tillegg har ei tydeleg tilknyting til eit bestemt miljø. Nokre sopp- og lavartar er gode indikatorartar for gammalskog. Talet på plantefamiliar, insektordenar eller klassar av fleircella dyr kan òg brukast som ei tilnærming.

Søk på indikatorartar på Naturindeks, og finn ut kva artane gir informasjon om

Korleis bruker vi målingane?

For at målingane av biologisk mangfald skal gi eit bilete av tilstanden til artar, bestandar og økosystem, kan vi lage matematiske modellar som hjelper oss med å sjå mønster og utvikling over tid. Modellane kan brukast til å finne ut kva område og artar som er mest utsette, og dermed kor det hastar mest å få gjort noko.

Naturindeks for Noreg har på bakgrunn av målingar, modellar og vurderingar frå ekspertar berekna indeksar som gir eit bilete av situasjonen i ulike økosystem og for ulike grupper av organismar.

 Graf som viser naturindeksen for amfibium i Noreg. I 1990 ligg indeksen på 0,80. I 2000 ligg indeksen på 0,75. I 2010 ligg indeksen på 0,64. I 2015 ligg indeksen på 0,65. I 2020 ligg indeksen på 0,60. Graf.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

Gregers, T. F. & Berge, G. (2016). Feltbiologi: Kompendium. Universitetet i Oslo. https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/ressursarkivet/kompendier/feltbiologi-mai-2016.pdf

Miljødirektoratet. (2020, 17. november). Naturindeks for Norge. https://www.naturindeks.no/


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald