Fagstoff

Korleis måle biologisk mangfald?

Publisert: 14.05.2012, Oppdatert: 04.08.2017
Artsrike korallrev

Det er viktig å tallfeste det biologiske mangfaldet for å kunne studere mønster og overvake endringar.

Det er ikkje mogleg å finne ein målemetode som dekkjer all variasjonen på økosystem-, arts- og gennivå. Målsettingen er å fange opp variasjonen i karaktertrekk og eigenskapar ved å bruke tilgjengeleg kunnskap.

Sirkeldiagram med prosentvis fordeling av antall arterOversikt over artar i Noreg.
Opphavsmann: SABIMA
 

Åkerhumle på en blomstÅkerhumle (Bombus pascuorum) er ein av dei 34 humleartane i Noreg.
Fotograf: Aka
 

Ulikt biomangfold tross like mange arterUlikt mangfald trass i like mange artar. Gruppe A har svært forskjellige livsformer som kjem frå ulike organismegrupper. Gruppe B består av artar med like livsformer. Vi seier derfor at gruppe A har større biomangfald enn gruppe B. 

Krykkje i flyvende i luftenKrykkja – ein indikatorart på tilstanden i havet.
Fotograf: Erichsen, Jarl Fr

Artsmangfald

Til vanleg blir biologisk mangfald målt på artsnivå. Dette kallar vi artsmangfald. Variasjon på gennivå og økosystemnivå heng ofte nært saman med artsmangfaldet.

Det enklaste målet på artsmangfald er rett og slett talet på artar. Dette blir òg kalla artsrikdom. Vi kan finne ut kor stor artsrikdommen er innanfor ein større region, eit land, ein kommune eller eit mindre område. Ofte måler vi òg artsrikdommen innanfor ei organismegruppe, eksempelvis sommarfuglar, amfibium eller karplantar.

Artsrikdom er eitt av fleire mål på artsmangfald.

 

Like mange artar – ulikt mangfald

Artsrikdom er eit enkelt, men litt grovt mål. Det tek ikkje omsyn til kor mange individ som finst av kvar art, og skil derfor ikkje mellom vanlege og sjeldne artar.

Eit område med artar frå ulike organismegrupper som er fjernt i slekt, inneheld langt meir genetisk variasjon og variasjon i karaktertrekk enn eit område som har like mange, men nærskylde artar.

Det er utvikla mål for artsmangfald som tek omsyn til begge desse faktorane. 

 

Forenkla mål på biomangfaldet

Nokre gonger har vi ikkje nok kunnskap eller ressursar til å gi gode mål på biomangfald. Det er då betre med forenklingar og tilnærmingar enn ingen ting.

Førekomsten av indikatorartar kan seie noko om det biologiske mangfaldet i området ved at dei er eit mål på miljøtilstanden der. Indikatorartar er artar som er greie å kjenne igjen og lette å avgrense , og som i tillegg har ei tydeleg tilknyting til eit bestemt miljø. Nokre sopp- og lavartar er gode indikatorartar for gammalskog. Talet på plantefamiliar, insektordenar eller klassar av fleircella dyr kan òg brukast som ei tilnærming.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald

Fagstoff