Fagstoff

Dyreriket (Animalia)

Publisert: 09.05.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Frosker

Dyreriket er det største riket målt i talet på artar. Bortimot 75 prosent av alle beskrivne artar høyrer til dyra, og av dei er cirka 75 prosent insekt. Stadig oppdagar vi nye artar.

Brunbjørn fisker laks. Foto.Brunbjørn på jakt etter laks.
Fotograf: Walter Huber
 

 

 

Svamp i havet.Svampane er dei mest "primitive" av dei fleircella dyra. Dei har ingen organ.
Fotograf: David Wrobel
 

 

 

Bilde av en fargerik vannymfeVassnymfe er ein liten augestikkar som høyrer den mest artsrike gruppa innan dyreriket – insekta.
Opphavsmann: Michael Apel
  

 

 

Oversikt over menneskets urinveier.Eksempel på organsystem hos virveldyr.  

Dyra er heterotrofe

Dyra er i likskap med plantane fleircella, eukaryote organismar. Den største forskjellen mellom dyr og plantar er korleis dei skaffar seg næring. Dyra har ikkje moglegheit til å lage energirike sambindingar sjølve slik plantane gjer ved fotosyntese. Dyra manglar nemleg kloroplast (manglar òg cellevegg og vakuolar) i cellene.

Dyra tek opp næring ved å bryte ned kjemiske sambindingar frå levande eller døde organismar som dei et. Dei blir derfor kalla heterotrofeOrganismar som er avhengige av å ta opp energisamband som andre organismar har laga. organismar. Blant dei heterotrofe organismane er det stor variasjon i korleis dei ulike dyra i riket tek opp næring.

Komplekse oppbygning

Dyra er spesielle på den måten at dei har forskjellige typar av spesialiserte celler og samansette kroppsstrukturar. Kompleksiteten hos dyra aukar frå å bestå av spesialiserte celler til å ha vev, organ og organsystem.

Svampane er dei dyra som er enklast bygde opp. Svampane har ikkje utvikla vev og organ, men har spesialiserte celler som utfører ulike oppgåver. Nesledyra blir rekna som den første rekkja som utvikla vev, mens flatormane mest sannsynleg var dei første organismane som utvikla spesielle organ. I det neste nivået finn vi mellom anna oss sjølve. På dette komplekse nivået jobbar fleire organ saman i såkalla organsystem som utfører bestemte oppgåver (f.eks. nervesystemet og fordøyingssystemet).

Inndelinga innanfor dyreriket

Det rår ein del usemje om klassifiseringa innanfor dyreriket, både på høgare og lågare systematiske nivå (alt frå talet på rike til den finare inndelinga av dei enkelte slektene).

Under følgjer ein kort presentasjon av dyreriket:

Systematiske grupper i dyreriket
Forfatter: Ragnhild Baglo