Hopp til innhald

Fagstoff

Komediar og musikalar

Ein komedie er ein film som får publikum til å le. Ein komedie kan likevel ha ein alvorleg bodskap. I ein musikal er songtekstane og musikken ein viktig del av filmforteljinga. Mange musikalar kombinerer musikk og dans.
Charlie Chaplin i filmen diktatoren. Utsnitt.

Filmen Diktatoren (1940) med Charlie Chaplin er eit klassisk eksempel på ein satirisk komedie med ein klart politisk bodskap. I denne scenen leiker Hitler seg med jordkloden.

Komedien – ein eldgammel sjanger

Dramasjangerane tragedie og komedie har røter heilt attende til dyrkinga av Dionysos, guden for fruktbarheit, i Athen på 500-talet f.Kr. Det greske ordet komodia er avleidd av ordet komodos som var nemninga for songarar som tok del i dei lystige opptoga. Dei var utkledde i groteske kostyme og framførte grove vitsar og spotteviser. (Kjelde: Store norske leksikon)

Komediesjangeren blei utvikla vidare av kjente dramatikarar som franske Molière og norskdanske Ludvig Holberg på 1700-talet. I moderne tid blir omgrepet komedie brukt om teaterstykke og filmar som hovudsakleg er morosame og lattervekkjande. Nokre av dei aller første stumfilmane som blei laga, var komediar.

I motsetnad til ein farse eller ein revy, har komedien alltid ein tydeleg handlingstråd. Handlinga i ein komedie består gjerne av ein serie forviklingar, som knyter hovudkarakterane saman. Karakterane blir ofte framstilte som karikerte typar med spesielle og utrerte eigenskapar. Andre kjenneteikn ved komedien er morosame dialogar, parodiar på daglegdagse hendingar og meir eller mindre sprø gags.

Mange komiske filmar har berre som mål å underhalde. Andre er satiriske kommentarar til politiske eller sosiale tilhøve i samtida.

Scene fra musikkfilmen The Sound of Music
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musikalen

Musikal er ein filmsjanger som bruker songnummer til å drive handlinga framover, og til å understreke kjenslemessige høgdepunkt i forteljinga. Skodespelarane framfører songane som dialogar seg imellom, eller dei kan vende seg direkte til publikum.

Songane er ein del av sjølve handlinga, og ein kan ikkje utan vidare bytte dei ut med eit anna musikkstykke. Nokre filmar bruker kjente melodiar og songtekstar som er skrivne i heilt andre samanhengar, men likevel framstår som ein integrert del av filmforteljinga. Song og musikk blir ofte kombinert med ulike former for dans.

Eit norsk eksempel er filmen Bør Børson jr. (1972) med Rolf Wesenlund i hovudrolla. Men filmen Moulin Rouge, regissert av Baz Luhrmann i 2001, er ein langt meir moderne musikal, både når det gjeld musikk og dans. Filmen går føre seg så å seie utelukkande om natta og låner ei rekkje sjangertrekk frå film noir.

filmplakat

Andre eksempel på musikk- og dansefilmar:

  • The Jazz Singer (1927)
  • Dansefilmane til Fred Astaire og Ginger Rogers i 1930-åra
  • Singin' in the Rain (1952)
  • The Sound of Music (1965)
  • Pink Floyd The Wall (1982)
  • Evita (1996)
  • Bollywoodfilmen Bombay Dreams (2002)
CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar