Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljemåtar i dokumentarfilm

Som dokumentarfilmskapar kan du vere usynleg eller delta aktivt i handlinga. Du kan problematisere din eigen film og prosess eller leggje mest vekt på det kunstnariske uttrykket. Her får du ei innføring i seks ulike forteljemåtar.
Ein mann med grått hår står iført kvinneundertøy på eit baderom. På golvet sit ein yngre mann med videokamera. Foto.

Den verkelegheita filmskaparen vil framstille, påverkar valet av forteljemåte i ein . I Alt om min far (2002) deltek til dømes filmskapar Even Benestad sjølv i handlinga, sidan historia er personleg og handlar om far hans.

Den refleksive forteljemåten passar dermed til innhaldet og den verkelegheita filmskapar Benestad vil formidle.

Ønskjer du å lage ein dokumentarfilm for å undersøkje eit aktuelt tema, kan du velje ein foredragsaktig forteljemåte der du vekslar mellom intervju og formidling av kjeldemateriale.

Kategorisering av dokumentarfilm

Medieteoretikar Bill Nichols har funne fellestrekk og delt dokumentarfilmar inn i ulike kategoriar. Nichols bruker nemninga ("modes of representation") om dei ulike måtane du kan formidle verkelegheita på i ein dokumentar. På norsk kallar vi dette forteljemåtar. Du kan bruke ulike forteljemåtar i same dokumentarfilm.

I ein dokumentarfilm vil ofte éin forteljemåte dominere og setje eit tydeleg preg, men han er sjeldan upåverka av andre forteljemåtar.

Seks forteljemåtar i dokumentarfilm

Innhaldet styrer forteljemåten

1. Foredragsaktig dokumentar

Den foredragsaktige dokumentarfilmen har gjerne ei autoritær eller allvitande forteljarstemme med ein tydeleg bodskap. Forteljarstemma blir gjerne kalla "voice of God" (guds stemme).

Oppbygninga er stort sett , og filmskaparen bruker retoriske grep for å få oss til å bli engasjerte og stole på det som blir sagt. Filmen blir gjerne innleidd med ein påstand som blir bygd opp med fakta og kjelder for å bevise at påstanden stemmer.

Ofte har filmen ein synleg reporter som skal undersøkje eit bestemt tema og ei bestemt vinkling, og filmen vekslar mellom intervju med ulike kjelder og -materiale som underbyggjer standpunktet til filmskaparen. Mange dokumentarfilmar som er produserte for tv, bruker denne forteljemåten. Kanskje du har sett nokon slike?

Døme på foredragsaktig dokumentar

Dokumentarfilmen Falske nyheter (2017) handlar om kva konsekvensar kan ha for samfunnet. Filmen bruker ein foredragsaktig forteljemåte. Han har ei autoritær forteljarstemme som bruker og bevisføring for å få oss til å tru på det vi blir fortalde.

2. Observerande dokumentar

Ein observerande dokumentar blir også kalla "fluge på veggen". På 1960-talet var denne forteljemåten idealet. Filmskaparen skulle vere mest mogleg usynleg og la hendingane gå føre seg framfor kamera, utan innblanding frå andre. Tanken var at dette ville gi ei mest mogleg sannferdig attgiving av verkelegheita.

Filmskapar Robert Drew var ein av tilhengjarane. Han beskriv den observerande dokumentarstilen som blei kalla "Direct Cinema", i videoen "Cinema Direct" på YouTube.

Den observerande dokumentaren har gjerne ei handling som viser fram eit miljø, og er mindre oppteken av å argumentere for ei sak slik det blir gjort i den foredragsaktige forteljemåten. Autentiske situasjonar med naturleg lys og handhalde kamera er typisk for den observerande forteljemåten.

Publikum skal få sjå dei medverkande "som dei er", og det skal vere minimalt med lyd- og klippeeffektar. Eit tidleg døme er Frederick Wisemans High School (1968), som viser ein typisk dag ved Northeast High School i Philadelphia i USA. Sjå eit klipp frå dokumentaren High School på YouTube.

Den norske dokumentarfilmen Ungdommens råskap (2004) bruker også skulesettingen for å dokumentere kvardagen til ungdommar. Filmskapar Margreth Olin er tydeleg inspirert av den observerande forteljemåten, og ho gir oss ein usminka versjon av tiandeklassingar ved Hauketo ungdomsskule i Oslo i månadene før eksamen. Sjå eit klipp frå Ungdommens råskap på Filmrommet.

Døme på observerande dokumentar

I dokumentarfilmen 69 minutter av 86 dager (2017) følgjer vi tre år gamle Lean. Saman med familien flyktar ho til fots frå Khíos i Hellas til slektningar i Sverige. Manus og regi er ved Egil Håskjold Larsen.

3. Deltakande dokumentar

I den deltakande dokumentarfilmen medverkar filmskaparane i dei hendingane som blir filma. Forteljemåten oppstod som ein kontrast til den observerande "fluga på veggen"-dokumentaren.

Tilhengjarar av den deltakande forteljemåten meinte at filmkameraet og filmskaparen måtte vere synlege i opptakssituasjonen, fordi dei uansett påverka dei medverkande. Berre på denne måten fekk ein fanga dei ekte augneblinkane på film, meinte tilhengjarane. Krønike om en sommer (1961) av Jean Rouch og Edgar Morin blir rekna som eit tidleg døme på ein deltakande forteljemåte. Sjå eit klipp frå Krønike om en sommer hos The New Yorker. I 1960-talets Frankrike blei denne retninga kalla Cinéma Verité.

Den deltakande dokumentaren har likskapstrekk med den foredragsaktige forteljemåten, fordi filmskaparen ofte har noko på hjartet som han eller ho vil undersøkje nærare. Det blir ofte brukt intervju.

Filmskaparen bruker seg sjølv, nokre gonger også framfor kamera, for å drive handlinga framover. I Familiebildet (2013) deltek til dømes regissør Yvonne Thomassen saman med familien sin for å avdekkje den tragiske historia til familien om den gongen dei måtte flykte frå heimen sin i Finnmark. Her kan du sjå filmen Familiebildet.


Døme på deltakande dokumentar

Den amerikanske filmskaparen Michael Moore bruker ofte ein deltakande forteljemåte. I dei kritiske dokumentarfilmane sine medverkar han ofte som oppsøkjande, insisterande og provoserande overfor kjeldene.


4. Refleksiv dokumentar

I den refleksive dokumentarfilmen gjer filmskaparen sjåarane merksame på at det er nokon som fortel ei historie frå eit bestemt perspektiv. Forteljemåten stiller gjerne spørsmål om sitt eige og dei medverkande sitt truverd. I tillegg bruker filmskaparen iscenesetjing og rekonstruksjonar for å problematisere sitt eige tema og det å lage film om det – filmen ser på seg sjølv.

Den refleksive dokumentaren kan anten prøve å få publikum til å revurdere fordommane sine eller ha som mål å få publikum til å vere kritiske til dokumentaren som form.

Eit kjent døme på refleksiv dokumentarfilm er Errol Morris' The Thin Blue Line (1988). Sjå klipp frå The Thin Blue Line på YouTube. Denne dokumentaren presenterer ulike synspunkt via heilt ulike skildringar av kva som skjedde i samband med eit drap. Gjennom filmen ønskjer Morris å tvinge publikum til sjølve å vurdere truverdet til dei medverkande. Dette bryt til dømes med forteljemåten til den deltakande og foredragsaktige dokumentarfilmen, der filmskaparen vel å presentere utvalde "bevis" som ledd i ein argumentasjon for å komme fram til ein bestemt konklusjon.

Døme på refleksiv dokumentar

Den norske dokumentaren Alt om min far (2002) er eit døme på ein refleksiv forteljemåte. Vi får ta del i skapingsprosessen av filmen, og filmskaparen Even Benestad deltek sjølv i konfrontasjonane med far sin, Esben Esther Pirelli Benestad.

Esben Esther er ein far som oppfattar seg sjølv som både kvinne og mann, og sonen synest det er vanskeleg å sjå far sin som kvinne.

5. Framførande dokumentar

I den framførande dokumentarfilmen speler filmskaparen på kjensler og innleving og det at verkelegheita kan sjå ulik ut for ulike menneske. Den framførande dokumentaren vil vise verda slik ho er – for enkeltmennesket. Dette mennesket kan også vere filmskaparen sjølv, som speler ei rolle for å undersøkje ei bestemt sak. Filmskaparen blir då ein del av handlinga og set sjølv i gang hendingane som blir filma.

Forteljemåten er derfor subjektiv, og autentiske hendingar blir gjerne blanda med iscenesetjingar og dramatiseringar. Forteljemåten kan låne verkemiddel frå spelefilmen for å forsterke bodskapen, som til dømes bruk av flashbackar, og musikk for å skape ei stemning.

Ein framførande dokumentar blir også kalla performativ dokumentar.

Døme på framførande dokumentar

I NRK P3 sin dokumentar En uke på gata (2014) vel filmskapar Simen Øvereng å tre inn i rolla som tiggar og uteliggjar i Oslo.

Sjå teksta versjon på NRK TV: En uke på gata

6. Poetisk dokumentar

I den poetiske dokumentarfilmen står det estetiske i sentrum. Forteljemåten er prega av aktiv bruk av verkemiddel. Døme på verkemiddel som blir brukte for å formidle den rette stemninga, er biletutsnitt, sterke fargar, visuelle effektar, gjentakingar og rytme. Filmen legg større vekt på det abstrakte og skildringar enn på formidling av fakta og forklaringar. Den poetiske dokumentaren har gjerne ein lausare struktur i staden for ei stram, lineær oppbygning.

Eit døme på ein tidleg poetisk dokumentarfilm er Mannus Franken og Joris Ivens film Rain (1929), som skildrar eit regnvêr i Amsterdam. Sjå Rain på YouTube. Eit anna døme er Glas (1958) av Bert Haanstra, ein dokumentar om glasindustrien i Nederland. Sjå Glas på Vimeo.

Døme på poetisk dokumentar

Margreth Olins skildringar av ein kvinnekropp i Kroppen min (2002) passar også inn i kategorien poetisk dokumentar.

Kjelder

Dahl, A. et al. (2020). Levende billeder. Grundbog i mediefag. Systime.

Nichols, B. (2017). Introduction to Documentary. Third Edition. Indiana University Press.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon