Hopp til innhald

Fagstoff

Dramadokumentar og dokumentardrama

Dramadokumentaren og dokumentardramaet kombinerer verkemiddel frå både fiksjons- og dokumentarfilmen. Skiljelinjene mellom sjangrane er utydelege, og omgrepa blir derfor brukte om kvarandre.
Mann med bart i militæruniform omgitt av offiserar og to kvinner. Foto.

Sjangrane dramadokumentar og dokumentardrama kan knytast til to ulike tradisjonar innan film- og TV-produksjon: den amerikanske og den britiske.

Dokumentardramaet

Eit dokumentardrama (dokudrama) baserer seg på verkelege hendingar framstilte heilt eller delvis i fiktiv form. Dokumentardramaet kan koplast til den måten å lage film på som vi kjenner frå den amerikanske film- og TV-tradisjonen. Dokudramaa er ofte baserte på "ei sann historie", og filmane blir komponerte etter dei dramaturgiske prinsippa frå Hollywood-modellen.

Sjangeren blir brukt som samlenemning for biografiske eller historiske filmar eller TV-seriar som set i scene og dramatiserer verkelege hendingar eller livet til verkelege personar. Filmane bruker ekte skodespelarar, det blir skrive dreiebok og manus, og det blir elles jobba på same måten med filmproduksjonen som det ville blitt gjort om det var ein fiksjonsfilm.

Klipp frå filmen Kongens nei. Hendingar og opplevingar frå krigsåra er ikkje berre grobotn for spennande og dramatiske filmforteljingar, det var også ein måte å fortelje om etterkrigstida på. Framstillinga av krigen i okkupasjonsdramaa var ein reiskap både for å forstå krigsåra og for å skape eit nytt Noreg etter krigen.

Dramadokumentaren

Dramadokumentaren kan knytast til den britiske TV-tradisjonen. Der dokudramaet dramatiserer verkelege hendingar eller livet til kjende personar, forsøker dramadokumentaren å simulere hendingar som i liten grad er dokumentert historisk, slik det vil vere dersom det ikkje er nokre vitne til hendinga, om hendinga fann stad for svært lenge sidan, eller om det dreier seg om meir generelle samfunssmessige spørsmål eller hendingar frå kvardagslivet. Filmskaparen bruker her ein dokumentarisk stil for å formidle eit fiktivt innhald. Hendingane blir attskapte i ei dramatisert form ved å bruke ein forteljande stil i staden for ein skildrande stil.

Menn i robåt tek seg om bord på ei seglskute. Foto.

Eit eksempel på dramadokumentar er TV-serien TV-serien The Rise and Fall of an Empire som ligg på YouTube. Han har òg blitt vist på NRK. Eit anna eksempel er TV 2-serien The Making of the Mob, der vi blir kjende med mafiasjefane som bygde eit kriminelt imperium i USA på byrjinga av 1900-talet. Serien er ei blanding av dramatisering og arkivmateriell, i tillegg til intervju med eit breitt utval av personar. Denne framgangsmåten er også brukt i dokumentarfilmen Med rett til å kapre, som du kan sjå her på NDLA.

Ofte blandar ein fleire sjangrar i ein og same film. Nokre delar av ein film er då reint dokumentariske, medan andre er iscenesette eller illustrerte ved hjelp av figurar og animasjonar.

Fakta eller fantasi?

Dramadokumentaren har alltid vore ein mykje brukt sjanger, både på film og på fjernsyn. Til ein viss grad bidreg både dramadokumentaren og dokumentardramaet til å viske ut grensene mellom fakta og fiksjon. Ein kritikk mot desse sjangrane er derfor at dei faktiske tilhøva blir ofra til fordel for dramatiske verkemiddel.

Dei som forsvarer denne samanblandinga, meiner gjerne at ei dramatisering ikkje utelukkar ein sannferdig dokumentasjon. Ein vanleg dokumentarfilm er også berre ein måte å framstille røyndommen på. Film kan aldri vere fullstendig objektiv. Han vil alltid vere påverka av filmskaparen sine meiningar og preferansar.

Fiksjon i dokumentarform

Skodespelaren og filmskaparen Orson Welles skapte i si tid panikk då han i 1938 framførte H.G. Wells sin roman War of the Worlds som høyrespel på radio. Welles nytta ei forteljeform som fekk amerikanarane til å tru at marsbuarar hadde invadert New Jersey.

Kurer om den gode historia

0:00
-0:00

Eit kjent norsk døme er Ni liv (1957), den norske filmatiseringa av Jan Baalsrud sine opplevingar under krigen, der Jack Fjeldstad speler Baalsrud. Denne filmen blei nominert til Oscar i klassa for beste utanlandske film i 1957. Han blir ikkje rekna som ein dokumentarfilm, men er ei iscenesetjing av hendingar som har funne stad. I 2017 blei forteljinga om Jan Baalsrud fortald på nytt i filmen Den 12. mann.

Ein svartkledd mann ligg og sym på ope hav, med fjell i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag gjer ulike former for datagenerert animasjon det mogleg å skape audiovisuelle representasjonar av fiktive hendingar, både i fortid og i framtid. TV-serien Life After People er ikkje dokumentaristisk i tradisjonell meining, sidan han fortel om noko som kan kome til å hende. Men serien bruker mange av verkemidla frå dokumentarfilmen. Slike forteljingar om framtida har ein klar parallell til ein annan sjanger, nemleg science fiction. Sjå traileren til Life After People hos IMDb.

Relatert innhald

Frå 90-talet av er det den einskilde helten som blir skildra i okkupasjonsdramaa. I etterkrigstida var det kvardagsheltane som utførte heltedådar saman.

CC BY-SASkrive av Jon Hoem og Tina Andersson. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar