Hopp til innhald

Fagstoff

Fiksjonsfilm

Ein fiksjonsfilm er ei oppdikta forteljing. Ein spelefilm er ein lengre fiksjonsfilm. Korte fiksjonsfilmar blir kalla novellefilmar eller kortfilmar. Forteljeteknikken i fiksjonsfilm er utvikla i ulike historiske og kulturelle kontekstar.
filmplakat Titanic

Ei oppdikta historie

Ein fiksjonsfilm er basert på ei oppdikta historie. Filmen kan likevel ta utgangspunkt i noko som faktisk har skjedd. Eit eksempel er filmen Titanic. Det er eit faktum at skipet Titanic gjekk ned, men kjærleikshistoria i filmen er oppdikta.

Omgrepet spelefilm bruker vi om lengre fiksjonsfilmar som byggjer på eit filmmanus med detaljerte scenetilvisingar. På fagspråket kallar ein det gjerne ei dreiebok. Skodespelarane framfører replikkane i manus samstundes som dei følgjer instruksjonane til regissøren.

Kortare fiksjonsfilmar blir kalla for novellefilmar eller kortfilmar.

Plott og dramaturgi

Det vi får sjå i filmen, er ikkje heile historia, men utvalde personar, scener og hendingar. Dei utvalde hendingane blir sette saman slik at vi ser ein logisk samanheng. Dette kallar vi plott eller handlingsgang. Plottet kan ein byggje opp på ulikt vis, det finst fleire modellar eller mønster.

Måten plottet er bygd opp på, kallar vi for dramaturgi. Ordet dramaturgi stammar frå det greske ordet dramatúrgein, som tyder å komponere eit drama. Opphavleg var dramaet ein tekst som blei framført i eit teater. Meir generelt bruker vi ordet dramaturgi om det å byggje opp ei spenningskurve i alle slags tekstar, i film og fjernsyn, til og med i musikken.

Fiksjonsfilmen har sitt eige språk

Eit dikt, ei novelle eller ein roman består av ord og setningar som er sette saman på ein bestemt måte. Filmen har sitt eige språk. I kinosalen er merksemda vår først og fremst retta mot personane på filmlerretet, og det miljøet historia utspelar seg i. God skodespelarkunst og rett val av location og lyssetting er avgjerande for at vi skal bli fanga inn av den fiktive filmrøyndomen.

Men det som skjer bak kamera, er like viktig som det som går føre seg framfor kameralinsene. Biletutsnitt og kamerarørsler styrer opplevinga vår. Vi blir rørte når vi ser eit nærbilete av eit tårevått ansikt, og vi blir sogne inn i spanande actionscener der kamera følgjer med i høgt tempo.

Det aller viktigaste arbeidet skjer likevel til slutt når alle filmklippa blir sette saman til ein heilskap. Klippinga styrer korleis vi opplever samanhengen mellom dei ulike biletsekvensane i filmen. Ei rask klipperytme får hjartet til å banke ekstra fort. Kva er det vi er på veg mot bak neste sving? I moderne fiksjonsfilmar spelar lydbiletet ei viktig rolle. Effektlyd og musikk er ein viktig del av det moderne filmspråket, i tillegg til dialog og miljølyd.

Frå Hollywood til Bollywood

Filmspråket har utvikla seg forskjellig i ulike delar av verda. Fransk Film noir og danske dogmefilmar er velkjente filmspråk. I dag finn vi dei største produksjonsmiljøa i Hollywood (USA) og i Mumbai (India).

Spider-Man holder en kvinne i armene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hollywood-tradisjonen dominerer på norske kinoar og på fjernsyn. Filmane frå Hollywood har gitt namn til ein eigen forteljemåte som vi kan kalle Hollywood-modellen. Den amerikanske filmregissøren David Wark Griffith (1875–1948) blir rekna som opphavsmannen til Hollywood-modellen. Men modellen har historiske røter langt tilbake i tid. Han har blant anna mykje til felles med modellen for tragedien som Aristoteles beskreiv i boka Poetikken for over 2000 år sidan.

Omgrepet Bollywood blir brukt om filmar som er produserte i Mumbai i India. Byen heitte tidlegare Bombay, og derfor er H-en i Hollywood gjort om til ein B. I dag blir det laga dobbelt så mange spelefilmar i Mumbai som det blir laga i Hollywood. Dei fleste Bollywood-filmane handlar om kjærleik. Ofte er det ein rival, eller tilhøvet til paret sine foreldre, som trugar forholdet mellom dei to som elskar kvarandre. Musikk og dansescener er viktige verkemiddel.

Filmstjerner fra Bollywood
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Samanlikn historia og forteljeteknikken i Thor Heyerdals dokumentarfilm Kon-Tiki (1950) med spelefilmen Kon-Tiki (2012).

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl, Ragna Marie Tørdal og Jon Hoem.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar