Fagstoff

Eubakteriar og arkar

Publisert: 07.03.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Cyanobakterie

Dei prokaryote organismane høyrer til domena eubakteriar og arkar. Eubakteriane består av eitt rike med mange rekkjer, mens arkane er delte inn i fleire rike fleire rike.

Prokaryotar – eubakteriar og arkar

Salmonella bakterie under delingSalmonella-bakterie under deling (formeiring). 

 

Bakterier dyrket på næringsagar.E. coli dyrka i petriskål. Vanlegvis harmlaus, men i enkelte tilfelle kan bakterien gi alvorlege infeksjonar.   

 

Mikroskopbilde av bakterierHalofile bakteriar liker seg i vatn med ekstremt høg saltkonsentrasjon (ekstremofile).   

 

Svarte skorsteinar på havbotnen"Svarte skorsteinar" på havbotnen er ekstreme habitat for nokre former for arkar.   

Prokaryotane er karakteriserte ved at dei manglar membranavgrensa organellar, som kjerne, mitokondrium og kloroplast. Prokaryotane omfattar domenet eubakteriar og domenet arkar.

Prokaryotane i dei to domena er like forskjellige frå kvarandre som dei er forskjellige frå eukaryotane. Alle formene for metabolisme finst hos dei to domena, både heterotrofe, autotrofe og kjemotrofe. I tillegg formeirar prokaryotane seg vanlegvis ukjønna ved deling.

Eubakteriar

Dette domenet er det eldste og mest mangfaldige av alle domene. Fossil viser at eubakteriane fanst på jorda allereie for 3,5 milliardar år sidan. Eubakteriane er mikroskopiske, prokaryote organismar og blir ofte kalla dei "ekte" bakteriane. Eubakteriane kan leve enkeltvis, men òg som par eller i koloniar. Mange av organismane i dette riket er mobile ved at dei har flagellar.

Eubakteriar finn vi i alle slags habitat, inkludert inni og på menneske. Mange av bakteriane er sjukdomsframkallande (patogene), mens andre er viktige for at livsprosessar hos oss skal fungere.

Eubakteriar er òg viktige i ulike kommersielle prosessar, som i næringsmiddelteknologi og bioteknologi. I tillegg gjer eubakteriane ein viktig jobb i naturen der dei etter nedbryting gjer næringsstoff tilgjengelege på nytt i krinsløpa. Enkelte eubakteriar har symbiotiske forhold med eukaryotar der partane dreg fordel av kvarandre. Eit eksempel på eit slikt forhold er nitrogenfikserande bakteriar og erteplantar.

Arkar

Arkebakteriar er òg mikroskopiske eincella prokaryote organismar. Dei er svært like eubakteriane når vi ser på dei i mikroskop, men både genetisk og biokjemisk er dei forskjellige frå eubakteriane.

Arkane finst hovudsakleg der andre organismar ikkje klarer å leve. Dei lever ofte under ekstreme forhold og går under namnet ekstremofile bakteriar. Vatn med svært høgt saltinnhald, varme kjelder, på havbotnen der kjemikalium strøymer ut frå det indre av jorda og dannar svarte skorsteinar, djupt nede i fjell og i oljereservoar er alle eksempel på ekstreme habitat der det finst arkar.

Arkane er oftast kjemotrofe. Somme arkar set om hydrogengass og karbondioksid til metan (metanogene arkar). På denne måten er dei uavhengige av solinnstrålinga og livet på jordoverflata.