Fagstoff

Organismane fordelte på domene

Publisert: 07.03.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Domenene

Det finst liv tilpassa alle tenkelege og utenkelege miljø på jorda. Mennesket har gitt alle kjende organismar ei systematisk tilhøyrsle. Sjølv om klassifikasjonen av dei ulike organismane av og til er omstridd, både når det gjeld fordelinga mellom rike og innanfor rika, gir han oss ei strukturert oversikt over livet på jorda. Det er vanleg å klassifisere organismane i tre ulike domene.

E-coli bakterie. Illustrasjon.Eubakteriar (E-coli bakteriar).
Opphavsmann: Jengod
  

 

 

ArkerArker.
Forfatter: PM Poon
 

 

 

Montasje av et utvalg tegninger av eukaryote organismer.Eucarya – eukaryote organismer (planter, sopp, dyr).   

 

Tre domene

Oversikt over klassifikasjonsnivåene i biologi.  Organismane blir klassifiserte i ulike grupper og nivå basert på morfologiske, kjemiske og åtferdsmessige likskapar og på felles karakterar som cellulær organisering, metabolisme og reproduksjon. Alle organismar blir i dag fordelte på tre domene. Domena er det høgaste nivået innanfor klassifikasjonen og er rangert over rika. Dei tre domena er eubakteriar (ekte bakteriar), arkar og eukarya.

Eubakteriar, arkar og eukarya

Både eubakteriar og arkar er prokaryote organismar, men forsking har vist at dette er to grupper som har større genetiske (rRNA-sekvensering) og biokjemiske ulikskapar enn tidlegare trudd. Eukarya inneheld alle eukaryote organismar. Desse blir igjen fordelte på tre rike: dyreriket, planteriket og soppriket (og det etter kvart oppløyste protistriket).Greinstruktur – skjematisk teikning av dei tre domena.Tre domene.
Opphavsmann: Kristin Bøhle
   

Vitskap i stadig endring

Systematikken er i stadig endring på grunn av ny kunnskap om livet på jorda. Alle lesarane vil derfor kunne finne manglande samsvar mellom denne inndelinga og inndelinga som andre kjelder bruker.